Den tidlegare kommunepolitikaren for Høgre i Eid, som blant anna var varaordførar frå 1979 til 1983, siktar spesielt til saka om seawalken, som John Olav Lefdal er initiativtakaren bak.

– Det har kome kritikk av John Olav Lefdal, og det gjer meg forarga. Han har allereie skapt mange arbeidsplassar i Eid, etter at han etablerte seg med forretningane sine i det tidlegare slaktehuset. Han fortener støtte, ikkje å bli rakka ned på, meiner Kasper Hjelle.

Tilbakeviser kritikken

Kritikken som har kome mot planane om etablering av cruisekai (seawalk) på Nordfjordeid, har hovudsakleg gått på miljøproblematikk og naturinngrep. Det har også kome kritikk av korleis kommunen har handtert saka.

– Når det gjeld utslepp frå cruiseskip er dette noko som er underlagt regelverk. Med det miljøfokuset som er i dag, er det klart at desse reglane berre vil bli strengare og strengare i åra som kjem. Blant anna tyder det meste på at det før eller seinare vil bli krav om landstraum, seier Kasper Hjelle.

– Når det gjeld kommunen får dei jo ikkje godkjenning for å sette i gang bygging før Fylkesmannen gjev klarsignal, og då må jo alt det formelle vere handtert på ein skikkeleg måte, seier han.

Eid som handelssenter

Kasper Hjelle meiner at John Olav Lefdal sine planar om seawalk vil vere eit stort pluss for både Eid kommune og heile regionen.

– Det kjem jo fleire tusen turistar med kvart skip, og det vil sjølvsagt vere positivt, ikkje minst for handelsnæringa. Er det noko vi verkeleg treng for å vere eit handelssenter, så er det at det kjem mange folk til bygda. Dessutan må ein sjå satsinga på seawalk i samanheng med satsinga på Sagastad. Her er det ei storsatsing der ting heng saman, meiner Hjelle.

Lokale bedrifter

Den tidlegare lokalpolitikaren viser til at det er NorDrikk som er pengemaskina i John Olav Lefdal si forretningsportefølje, og at han kunne lete vere å satse på andre prosjekt med langt mindre lønnsemd.

– Han kunne tatt ut eit stort utbytte. I staden investerer han store pengar i å utvikle nye arbeidsplassar. Vi skulle hatt fleire som John Olav Lefdal, meiner Kasper Hjelle. Han meiner at det er spesielt viktig at unge folk støttar dei som er villige til å satse lokalt.

– Vi bur i ei lita bygd der ting ikkje går av seg sjølv. Utan gründerar som satsar og skapar arbeidsplassar, blir det stillstand. Her vil eg også skryte av lokale forretningsfolk som har skapt viktige og levedyktige arbeidsplassar, for eksempel på Espe Trevare i Hjelmelandsdalen, Øien Båt på Stårheim og Norgesvinduet Bjørlo på Nordfjordeid og Haugen. Dei bidrar til mange arbeidsplassar fleire stader i kommunen. Det er sjølvsagt svært viktig med offentlege arbeidsplassar, men det blir ei anna skål, seier Kasper Hjelle.