– Det var som å sjå og høre ein actionfilm. Eg var ikkje heilt sikker på om det berre var fantasi ei stund, seier Vadøy.

Det var i går torsdag kveld kl 17.50 at Johan Vadøy køyrde på Fylkesveg 616, på veg til eit møte på Kolset. Idet han køyrer ned i Skatestraumtunnelen på veg frå Oldeide til Kolset, ser han i sidesynet at steinane på høgre side beveger seg.

Som ei elv av stein

– Eg var komme ca 50 meter inn i tunnelen, då eg kikkar i bakspeglen og steinar som kjem ned som ei elv frå fjellsida. Det var ein lyd som minnar om eit jordskjelv, eller eit vogntog som køyrer over ei bru, ein veldig spesiell lyd. Eg køyrde vel 80-85 km/t og kva er vel 50 meter på den tida. Hadde eg vore 1-2 sekund seinare ute kunne bilen blitt flat. Dei seier det er komme ned kring 400 kubikk med stein. Det var så nære som det kunne bli, seier Vadøy.

Han har fått seg ein skikkeleg tankevekkar og meiner han både har hatt englevakt og flaks som slapp frå det med skrekken.

Opnar tidlegast måndag

Vegen vert tidlegast opna måndag, ifølgje melding på NRK Sogn og Fjordane.