Tinestafetten er ei årleg hending der skular i regionen deltek med fleire lag. 24. året på rad. I alt 44 lag deltek. På landsbasis blir stafetten stadig større. Over 100 000 løparar er med kvart år. Arrangementet i Hornindal er eit av 280 arrangement over heile landet. Norges Friidrettsforbund og TINE står bak det som er blitt Norges desidert største idrettsmønstring med deltakarar frå 6.–9. Klasse.

– Det går veldig fint. Elevane er veldig ivrige etter å komme i gang. Publikum er flinke å heier på dei, og det blir bygd samhald mellom klassar og lag i dag. Det er første gong vi har med ei open klasse på ungdomstrinnet, og det er veldig kjekt å få til. Her hjelper elevar frå Eid ungdomsskule elevar frå Tonning skule, då dei var litt for få. Slik ser dei at det å springe saman er viktigare enn å vinne. Elles har vi vore heldige med vêret, det er flott og opplett. Sjølv om det er litt kaldt, så halde dei seg varme, seier Marianne Vellene.

Les meir i Fjordabladet fredag.