Klima- og miljøministeren sa til Dagsavisen at alle sektorar må bidra for å oppfylle våre lovnadar. Miljødirektoratet har i høyringssvar til transportetatane sitt framlegg til prioriteringar i Nasjonal transportplan for perioden 2018–2029 skrive at «Det bør vurderes i hvilken grad prosjekter som gir vesentlig økte klimagassutslipp er i tråd med Norges klimamål». Klima- og miljødepartementet har no bede om rapport om utslepp i sommar frå cruiseskip som vitjar tre utvalde vestlandsfjordar. Det er også utført utgreiingar på reduksjon av klimagassutslepp frå alle typar skip ved opphald i dei største norske hamnene. Dette er berre nokre eksempel på at norsk fokus på reduksjon av klimagassutslepp er monaleg styrka sidan Eid kommunestyre vedtok reguleringsplan med cruiseskipkai i 2006. I dag, 10 år seinare, blar kommunestyret opp nokre millionar for at det skal kome fleire cruiseskip til Nordfjord, noko som skal generelt vere bra for næringslivet, men mindre bra for dei klimamål vi ikkje hadde i 2006, men som vi har i dag. Såleis tykkjest det som om Eid går hovudlaust inn for auke av klimagassutslepp frå cruiseskipsfart, medan kloden elles treng det motsette. Eid har Venstre i det politiske førarsetet, dei går iherdig inn for dette, samstundes som dei snakkar om «grønt næringsliv». Det imponerer ikkje at dei i denne saka set til sides den aller viktigaste oppgåva vår generasjon no har.

Skipsfart vert sett på som meir miljøeffektiv enn andre transportmåtar når det gjeld godstransport, men gjev og store utslepp, både til sjø og til luft, til havs og i hamn. Kor skal skipsfart-sektoren starte reduksjonen av klimagassutsleppet? Skal vi legge restriksjonane på containerskip som transporterer gods vi treng, eller på fiskefartøy som skaffar oss mat, eller skal vi gå til andre enden av skalaen og kaste auga på cruiseskip som mange ser på som reint «gledesforbruk»? Og kva gjer vi med eldre skip som slettes ikkje leverer dei minst skadelege avgassane? Det er i dette biletet vi ser at også all oppnåeleg reduksjon av utslepp og støy i hamn ved bruk av landstrøm kjem vel med. Men når kostnadane kjem på bordet dalar interessa. Ja, kostnadstala varierer, men la oss rekne med at eit skip må investere opp mot 10 millionar kroner, eit piss i havet samanlikna med prisen på skipet, men nok til at cruisenæringa let krokodilletårene sine drype. På kaia vert investeringane kanskje 30-40 millionar kroner - om lag som «billegsalet» av Sea Walk - pluss legging av høgspentkabel fram til kaia, som og kan bli dyrt. Men kven vil betale det? I alle fall ikkje cruisenæringa. Så byrjar nokre å henge seg fast i krav om høg kostnadseffektivitet (kva no det måtte vere for noko). Då kjem vi ingen veg. Reinsing av smelteverkrøyk skulle og bli så kostbart. Er det nokon som angrar det i dag? Kall det ikkje kostnad, men heller ei investering i framtidig klima.

Utslepp frå skip er først og fremst regulert i konvensjon gjeven av FN sin sjøfartsorganisasjon IMO. Den såkalla MARPOL (Marine Pollution) konvensjonen regulerer både utslepp til sjø og til luft. Dette  er ein viktig konvensjon sjølv om det handlar om minimumskrav, og mange flaggstatar (landet der skipet er registrert) brukar berre desse krava. Konvensjonen har ingen krav til landstrøm i hamner, men nyttar krav til drivstoffkvalitet og motorteknikk. Likevel vert konvensjonen ein pådrivar for mindre forureining slik at ein frå skipsfarten spår auka etterspurnad om landstrøm. Cruiseskip som fører flagg frå land med minimumskrav er sertifisert for internasjonal fart. Dei kan såleis seile i norsk farvatn og sleppe ut etter desse minimumskrava: kloakk, gråvatn, oljehaldig vatn, avgassar med partiklar og all den CO, NOog SO som føl med. Etter konvensjonen er det flaggstaten som har det overordna ansvaret for utsleppet frå «sine» skip.

Landstrøm er kravd i EU direktiv  2014/94/EU og må vere på plass innan 31. des. 2025, men dessverre har også dette direktivet smotthol. Når nytteverdien ikkje står i høve til kostnadane kan ein sleppe unna. Då vil nok også Eid kunne vri seg unna når pengane til utbygging ikkje finst. Ein vil vere avhengig av stor offentleg støtte for å unngå det. Slik støtte søkte Eid kommune om i fjor til eit forprosjekt om landstraum. Svaret vart: «Dersom fylkeskommunen skal vere med på forsøk eller utgreiingar om dette temaet, skal det vere der det faktisk er trafikk i dag, i hovudsak Flåm og Olden. Vi vil difor gje avslag på denne søknaden». Då spørst det om dette gjev Eid noko håp om prioritering i køen om monaleg offentleg støtte til landstraumanlegg, når nytta vert større andre stadar.

Det er ikkje berre landstraum det handlar om. Når kommunen blar opp sine millionar vonar eg at dei veit kva dei kjøper, kva kvalitetar Sea Walk har; levetid, teknisk design og byggekvalitet, forventa inspeksjon og vedlikehald, og om dette kan dokumenterast gjennom uavhengig sertifisering eller verifikasjon? Vi kan spørje om oppfylling og dokumentasjon av dei strenge krava Nordfjord Havn har i sin godkjenning, om ankringssvikt (t.d. feil ankertype i høve til manglande undersøkt fjordbotn), om avdrift mot molospissen, om kommunale beredskapskostnader mot uhell, t.d. uttilsikta utslepp til sjø, eller brann om bord (som vert mindre sannsynlig viss alle generatorar står), om handtering av eventuell evakuering av skip, om erstatning for evt. skader på veg og eigedomar i Hola. Sjølv om eg saknar nokre av aspekta ovanfor ser eg i saksførebuingsdokumenta (møteboka) at kommuneadministrasjonen gjer jobben sin godt, eg er meir redd for at politikarane ikkje torer å sjå totalbiletet då prosjektet miljømessig dermed kan tykkjest mindre gjennomførbart. Administrasjonen har identifisert mange problemstillingar; vurdering knytt til naturmangfaldet, eventuelt planendring, oppstilling og avvikling av busstrafikken, tilhøva for eksisterande leigetakarar i godsterminalen, hinder for andre større båtar å nytte kaia i løpet av året, trong for landstraum raskast råd, samt fleire eigarrelaterte aspekt.

Eg vonar at kommuneadministrasjonen held fram med godt arbeid og ikkje tilrår dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan, men ein god revisjon som også tar opp aspekt som t.d. konflikt med indre fjorden som fritidsområde (t.d. konflikt mellom evt. langtrekkande ankerliner og fritids/garn-fiske), bevaring av den 114 år gamle dampskipskaia  til vanleg skipstrafikk, og ikkje minst estetiske tilhøve knytt til ein 84 meter lang, samanfalda stålkonstruksjon nær Nordfjordeid sentrum. Eg vonar vi får sjå ei god konsekvensanalyse, gjerne utvida til risikovurdering av uhellssituasjonar, og som igjen kan resultere i gode eintydige reviderte føresegner. Og til slutt; eg vonar kommunen har full sikring mot seinare kostnader som nemnt.