Magne Husevåg er heilt einig.

– Blir vi med i Kinn, blir Vågsøy ein utkant, og Bryggja blir ein utkant i utkanten. Blir vi med i Stad vil vi ligge midt imellom Eid og Selje. Då blir det muleg å byggje opp noko, seier Husevåg.

Leiar for utviklingslaget Øystein Hessevik kan telje på ei han dei han kjenner som er imot grensejustering for å bli med i Stad kommune.

– Det er ei politikarforakt i bygda, folk er oppgitte. Dei aller fleste er for ei grensejustering, slik at Bryggja blir del av Stad kommune, seier han.

MEST NATURLEG: Alfred Solibakke og Magne Husevåg frå Bryggja er begge einige om at Stad kommune vil vere det beste for bygda.