Etter ei dramatisk avstemmingsrunde vart det 16 mot 11 stemmer for å gå inn for Kinn kommune.

Både Høgre, og koalisjonen av Sp, Raudt, Tverrpolitisk liste, KrF og ein frå Frp, ville utsetje saka. Men då dei voterte ned kvarandre sine utsetjingsframlegg måtte kommunestyret realitetshandsame saka. Seks av åtte i Høgre valde då å røyste for og vippa fleirtalet til 16-11.

I vedtaket står det:

Vågsøy kommunestyre vedtok 30.03.2017 i K-sak 025/17 Søknad om samanslåing mellom Flora og Vågsøy kommuner

1. Vågsøy kommunestyre godkjenner inngått intensjonsavtale med Flora kommune om samanslåing frå 01.01.2020.

2. Vågsøy kommunestyre sender søknad til Kommunaldepartementet der ein ber om Stortinget si godkjenning av den nye kommunen frå same dato.

3. Endring i intensjonsavtalen, kapittel 3; kommunesenter: Flora og Måløy skal ha delt kommunesenterfunksjon. Talet på administrative arbeidsplassar/rådhusfunksjonar i Måløy og Florø skal forholdsmessig vere som før samanslåinga.

Organisering av hamn og næringsarbeidet skal skje på ein måte som sikrar både heilskapleg samordning og satsing på komparative fortrinn i alle delar av kommunen. Eit døme er fiskeriaktiviteten i Vågsøy og petroleum i Flora.

I Måløy skal det etablerast kompetansemiljø til elles utvikling av mellom anna samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet, fornybar energi og klima og IKT.