Fisken får dei levert fersk frå Snorre Seafood i Måløy kvar dag. Innehavarane Weiyong Chen og kona Yip Chung gler seg til å servere deilig sushi til sine gjestar.

– Det er veldig mange som spør oss om vi har sushi. Mange ringer og vil bestille det på telefon, men vi har ikkje hatt det før no. No er vi glade for å ha fått ein ny sushi kokk på plass frå Japan. Menyen er ny, og frå fredag 12. mai kan vi servere sushi frå klokka 14.00. Årsaka til at vi ikkje kan servere det frå klokka 13.00, er at risen treng litt tid på å koke, fortel Yip.

Lagar til store og små selskap

No håpar dei kundane som likar sushi kjem innom for å smake, og kanskje kjem det nye kundar som har lyst til å prøve.

– Sushi er veldig populært. Mange reiser til Måløy for å kjøpe sushi der, eller på butikken. Vi har laga ein meny som vi trur passar nordmenn veldig godt. Mange trur at det er få fisk og ris, men det stemmer ikkje. Vi bruker også kokt eller fisk, eller kokt og friterte skalldyr. Og så har vi ein sushi dessert der det ikkje er fisk i, men banan og mango. Vi håpar at gjestane våre vil like dette, seier Weiyong.

På menyen har dei sushi med tunfisk, ål, kveite, laks, musling, lodderogn, silderogn, kongereke, kamskjell, sjøgress salat og ingefær. Ein kan også bestille sashimi som er fisk på knust is, her kan ein velge forskjellige typar fisk, etter smak. Elles brukar man den sterke  Wasabien til å blande ut i soyasausen for å få ein litt sterkare smak. Dette kan ein variere sjølv, eller la være viss ein synest det blir for sterkt.

– Viss nokon har lyst å prøve noko anna enn det vi har på menyen, så kan vi få til det også. Den nytilsette kokken vår Luo Guang Jian er svært dyktig og lagar det slik ein ønsker, fortel Weiyong.

Forsiktige i starten

– Vi startar litt forsiktig no i starten og har ikkje altfor mange rettar på  menyen. Vi vil sjå litt kva folk liker, om det er noko vi skal justere på og så vidare. No har vi fått Martin Hestenes til å komme og prøvesmake, og gje oss litt tilbakemeldingar, og det set vi stor pris på. Han er ein erfaren sushi elskar, og meininga hans er viktig for oss, seier han.

– Heilt etter min smak

– Eg er veldig glad i sushi, og gjerne at det er litt sterkt. Dette er heilt etter min smak og heilt på høgde med det eg har spist av sushi både i Måløy, Bergen og Oslo. Og kan trygt anbefalast til eidarane og andre. Dette er smakar som alle liker, og eg er veldig glad for at dei startar opp med sushi her på Eid. Eg er sjølv ein av dei som reiser til Måløy for å kjøpe sushi, når eg får lyst til det. No gler eg meg til å komme hit og ete sushi, seier Martin Hestenes.