Reidun Tryggestad og Siri Myklebust var på Amfi Nordfjord laurdag for å sanke inn endå fleire frivillige til Malakoff Rockfestival 20-22. juli. Malakoff nærmar seg og det er like før alle dei 900 vaktene skal fyllast. Men framleis treng dei å rekruttere fleire nye frivillige til å bidra til den store festivalen.

– Både eg og Siri er bar-ansvarlege. Og vi lever litt i bar-bobla, kan du seie. Mange melder seg på via frivillig.no på nettet, og dei listene eg hadde med frivillige i går, er allereie gammal, så mange er flinke å melde seg på der, det er flott. Men vi har også fått nokre til å melde seg på i dag, og fleire er i tenkeboksen. Det vi ser no, er at vi manglar flest frivillige til den siste vakta på laurdag i baren, fortel Reidun Tryggestad.

Ei vakt = eit dagspass

Tar du ei vakt, får du dagspass den dagen du har vakta di. Har du to vakter på forskjellige dagar, har du høve begge dagane.

– Nokon tar to vakter på ein dag, slik at dei får dagspass to dagar. Nokon gongar har vi opplevd at frivillige ikkje kan møte likevel, og då har vi ringt reservar. Folk er veldig positive ot det ordnar seg som regel alltid. Vi treng folk i baren siste vakta laurdag, i kiosken fredag og laurdag. Elles treng vi ordensvakter. Vi har totalt 900 vakter som skal fyllast.

Torill Espelund og Inge Bjørn Myklebust melde seg på siste barvakta fredag.

– Eg synest det er veldig sosialt, og det er ganske spesielt å vere med år etter år. Der får ein snakka med masse folk, og det er berre smil overalt frå øre til øre. Det er ei kjempegod innstilling til alle som er der, seier Inge Bjørn Myklebust.

– Har ein ungdom der sjølv, så kan det vere greitt å følge litt med, seier Torill Espelund.

Må rekruttere

– Ofte ser vi besteforeldre som har vakter tidleg på dagen, og så er dei barnevakt seinare på dagen, når foreldra skal ut å kose seg. Dette er eit arrangement som er veldig viktig for Eid, og det skapast eit fellesskap som er veldig viktig. Mange planlegg feriane sine etter når Malakoff er. Når ein får ei vakt veit ein nøyaktig kva ein skal gjere, når ein går ut av frivilligteltet. Alt er godt tilrettelagt, og alle har sin plass dei skal jobbe på. Det fungerer veldig fint, og vi har ikkje kø, fortel Siri Myklebust.