Det sa Betty Hessevik, leiar for Senterpartiet si gruppe i Vågsøy kommunestyre, og nummer ti på stortingsvallista til partiet då Fjordabladet spurde henne om kvifor Bryggja ønskjer å bli ein del av det nye konstruksjonen Eid/Selje.

Meir enn skule

–Er det nedlegginga av Bryggja skule som er bakgrunn for at Bryggja ønskjer grensejustering?

– Det var nok vedtaket om skulenedlegging som fekk ballen til å rulle, men i dag handlar det om langt meir enn skule. Det er ikkje mogeleg å få til gode løysingar når vi må fleire timar med båt for å kome til kommunesenteret. At det ikkje ser ut til å vere noko alternativ til Kinn kommune, er ei grensejustering mot Eid rettaste for innbyggarane på Bryggja, sa Betty Hessevik.

Meiningslaus konstruksjon

–Folk i Vågsøy seier nei til samanslåing med Flora. Dette er ein meiningslaus konstruksjon utan at Bremanger blir slått saman med Flora/Vågsøy med tvang. Det er Sp ikkje med på, sa Liv Signe Navarsete.