Før møtet var det klart at nemnda hadde tre alternativ å velje mellom: Eid, Stadt eller Selja. No er det klart at namnenemnda tilrår Selja som namn på den nye kommunen.

Namnenemda har ikkje avgjerdsmakt, men er eit rådgjevande organ. Den endelega avgjerda om kommunenamn vil bli gjort på eit felles kommunestyremøte for Eid og Selje torsdag 22. juni. Før den tid skal saka behandlast i formannskapa i begge kommunane.

Til NRK.no seier leiar i namnenemnda, Eli Førde Aarskog, at framlegget var samrøystes og at det ikkje tok lang tid før ein kom til semje.