– Det ser ut til at nokon har prøvd å lage ein plumbobombe. Naboar har høyrt at det small i området her tidlegare denne veka. Plumbo er etsande og svært farleg, skiver rektor Turid Irene Hatlem i meldinga til føresette ved skulen.

Ho stadfestar funnet av Plumbo-flaska overfor NRK og seier at politiet er varsla.

Foreldre og føresette blir no oppmoda til å snakke med barna og åtvare dei mot å ta i desse flaskene dersom fleire skulle dukke opp.

Plumbo er kjent merke for reingjeringsprodukt, mellom anna for reins av avløp.

(©NPK)