Politiet melder at det har gått eit stort snøras på E39 i Skredestranda ved Hornindalsvatnet og at naudetatane er på staden.

Politiet seier til NRK at raset er kring 50 meter breitt og fem meter høgt og operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest Politidistrikt seier at det ikkje er noko som tyder på at bilar er tekne av raset.

Ein buss var blant dei første som var framme på staden.

– Eg var halvvåken og plutseleg blei det bråbremsing. Det var ein vegg med snø som var framfor bussen, seier Simon Standal Pavelich til NRK.

Statens vegvesen opplyser at vegen er stengt inntil vidare. Anbefalt omkøyring er via Fv 60 og Rv 651.