Det var i 80 sona i Skredestranda at ni personar køyrde for fort. Høgste fart vart målt til 108 km/t, og ni personar fekk forenkla førelegg.

På ein utestad på Nordfjordeid vart ein dørvakt slått til av ein mann i slutten av tenåra. Politiet melder at dei vil opprette sak på forholdet.

To bilar kolliderte i ei rundkøyring på Nordfjordeid seint fredagskveld. Den eine føraren overheldt ikkje vikeplikta si. Eid lensmannskontor vil følge opp saka.