Dei hadde rigga til med langbord, og pynta med blomster og flagg på Tua skytebane i Stigedalen. Grillmat, kaker, brus og kaffi høyrde også med på ein elles varm og nydeleg sommarkveld.

– Det er slik vi likar å ha det. I rolege omgjevnader nær ein skytebane, seier Ove Bjørlo.

Eid kommune er utruleg stolte av deg

Ordførar Alfred Bjørlo overrekte blomster og ein spesiell gåve til Regine.

– Det er nokon få idrettar som blir driven i nokre få land, der norske meistrar får mykje merksemd. Og så er det nokre idrettar som blir drive over heile verda som i det daglege ikkje får like mykje merksemd. Skyting er ein slik sport som blir driven stort sett over heile verda. Det er ein stor prestasjon å klare det, og det seier sitt år USA og Kina kjem på dei neste medaljeplassane. Eg synest det er utruleg flott at dei inviterer hit og gjer slik stas på deg. På vegner av Eid kommune får du ein blomster og ein litt spesiell gåve. Dette er ein vase med inngravert symbol som vi berre delar ut ved ei spesiell anledning og det er på hingsteutstillinga til beste hingst. Litt flåsete sagt så er du omtrent det einaste menneske som har fått denne vasen. Vi er utruleg stolte av deg, seier Bjørlo.

Også Kjell Magne Åshamar overrekte blomster på vegner av ungdomsutvalet til Nordfjord skyttarsamlag. Leiar Per Tore Taklo hadde ikkje høve til å komme denne kvelden.

Ove Bjørlo overrekte også blomster på vegner av Eidsbygda skyttarlag og ein heilt spesiell ring, lagt av Bergart. Der står det «Midt i blinken» og eit liten blink midt i bakpå.

Litt mindre trening akkurat no

Etter at Regine Nesheim kom heim etter VM i Tyskland har det ikkje blitt like mykje tid til trening som elles. Om tre veker reiser ho til EM, og like etterpå til Landsskyttarstemne i Førde.

–Eg har ingen store ambisjonar i Førde. Eg fokuserer på å trene riktig og kvalitet framfor kvantitet, seier Regine.

No studerer ho eigedomsmekling i Sogndal, og skal halde fram der eit år til. Saman med seg har ho sambuaren Oddgeir Skeistrand.

Regine Nesheim saman med sambuaren sin Oddgeir Skeistrand.
Ordførar Alfred Bjørlo deler ut blomster og fine ord til Regine Nesheim på vegner av Eid kommune. Foto: Anita Ingebrigtsen
Ordførar Alfred Bjørlo deler ut blomster og fine ord til Regine Nesheim på vegner av Eid kommune. Foto: Anita Ingebrigtsen
Ove Bjørlo deler ut blomster og ein fin ring frå Bergart til Regine Nesheim. Foto: Anita Ingebrigtsen
Kjell Magne Åshamar deler ut blomster på vegner av ungdomsutvalet til Nordfjord skyttarsamlag. Foto: Anita Ingebrigtsen
Triveleg, med mykje folk på Tua i kveld, der Regine Nesheim vart sett pris av Eid kommune, Nordfjord skyttarsamlag og Eidsbygda skyttarlag. Foto: Anita Ingebrigtsen
Regine Nesheim med blomster og medalje. Foto: Anita Ingebrigtsen