Vegard Taklo frå Hundeide skyttarlag skaut 30/21 under gårsdagens feltskyting. Det heldt til ein plass i finalen felt. Også Marie Alme frå Nordbygda og Rand er vidare til finale i feltskyting som skjer fredag.

Pallplassering i sikte

– Eg er ganske så fornøgd. Eg kjente hjartet dunke godt i oppropsteltet, men med det same eg kom inn og begynte å skyte så forsvann det, seier Fredrik.

Fredrik Taklo har no ein pallplassering i sikte. Han skaut 20 inner på dei 25 skudda.

Kva kan vi forvente i morgon på finalen?

– Skyt han 350, har han gjort eit godt Landsskyttarstemne, kommenterer bror Vegard Taklo.

– Eg har ei forventning om å fylle på kvar serie. Gløyme kva plassering eg har, ha det kjekt og skyte godt, seier Taklo.

Finalen kan du følje direkte med på på DFS.

250 treff. 20 inner av 25 skudd. Fredrik Taklo på skive 13. Foto: Anita Ingebrigtsen