Karoline «sitt føl» var med på  den tradisjonsrike hesteutstillinga på Nordfjordeid i haust.

Klart eg kan er ein serie med små dokumentarar der born mellom fire og åtte år er hovudpersonar. Borna er seg sjølve og sjåarane får bli med på kvardagslege, men likevel svært viktige hendingar i borna sitt liv.

Serien viser mot og den gleda ved å meistre noko.

Frå tidlegare avisartikkel om Karoline og Leik:

Vesle Leik kom 17. mai

Karoline gler seg stort over at føllet ho skal stille ut kom på sjølvaste 17. mai. Føllet skal heite Leik.

Namnet kunne ikkje passa betre, for Leik er ein spretten og vilter ung fole. Han hoppar inne i boksen, og smetter rundt mor si, før vi får sukk for oss.

– Han er så søt og litt rampete, seier Karoline.

Medan Leik står å smånappar i jakka til Karoline.

Når Karoline prøver å posere med Leik, hoppar han framover, og vil ut av boksen. Når det ikkje går, snur han rumpa til og sparkar bak i staden.

– Du må klø han på halsen, eller på nakken, då står han stille og kosar seg, seier mor til Karoline, Anne Karin Løken.

Storesøster Aurora er også glad for at Leik er kommen. Begge jentene er hesteinteresserte som mor si, og bruker gjerne tida si i stallen, eller på hesteryggen.

Kven er favoritthesten då‘?

– Kneeeeeist, ropar dei i kor skjønt einige.

– Det er liksom han som er gromguten, og mest stas å ri på, forklarer Anne-Karin.

Det er Kneist på 24 år som er far til vesle Leik, og mora heiter Siri Hero og er ei hoppe på 16 år.

Klart eg kan

NRK hadde sett opp kamera slik at følinga kunne fangast opp på film. Dette vil vi få sjå når programmet «Klart eg kan» med Karoline blir sendt på NRK 1.

– Eg låg i stallen i seks netter for å få med meg følinga, og så kom det på termin. Det heile gjekk svært fort. Frå hoppa byrja å føde, til han var ute gjekk det berre 20 minutt. Det var veldig spennande, fortel Anne Karin.