Til møtet i TS-utvalet tysdag låg det føre eit brev frå leiaren i Heggjabygda vassverk, Hans Frislid. Der det går fram at styret i vassverket protesterer sterkt mot den løysinga rådmannen har tilrådd og som TSU no går inn for. Frislid peikar på at rådmannen beskriv eit anleggsbidrag på 40 % av ein anleggskostnad på 7,626 millionar kroner, noko som styret har rekna ut vil innebere ei utgift på 100.000 kroner i anleggsbidrag på kvar abonnent i Heggjabygda.

– Eid kommune gjennomfører no ei stor utbygging av vassverket for Mogrenda, Hjelle og Eid sentrum som har ført til ei stor auke av vassavgifta i heile Eid kommune utan anleggsbidrag frå abonnentane. Derfor meiner vi i Heggjabygda vassverk at kommunen ikkje kan koma med krav om anleggsbidrag til abonnentane i Heggjabygda. Vi meiner at Eid kommune skal behandle innbyggarane i kommunen likt, skriv Frislid. Han meiner det blir urettvist å forlange anleggsbidrag frå innbyggarane i Heggjabygda for ein avgiftsauke på 2,4 % når det ikkje var krav om anleggsbidrag då avgifta vart auka med minst ti ganger så mykje.

– Dette er ikkje likebehandling av innbyggarar i kommunen, fastslår han.

DYRT VATN: Folk i Heggjabygda kan få Hornindalsvatn i springen, om dei er villige til å opne opp lommebøkene. Foto: Anna Wuttudal