Ifølge Pål Nyttingnes er det viktig å følge med i tida, og følge utviklinga innan landbruket. I staden for å drive mjølkeproduksjon åleine vel han no å bli del av eit større felleskap.

– Landbruket er i endring, det går mot større einingar. Det er i den retninga det går anten vi vil eller ikkje. Å gå med i samdrift gir meg høve til å vere del av eit større fellesskap, og mulegheita til vidareutvikling av gardsdrifta. Det er også veldig greitt å samarbeide og dele på arbeidet, seier Pål.

Ikkje berre er han gardbrukar, men har også ein fulltidsjobb som assistent i skulen. Om sommaren driv han gartneri, og innimellom arbeider han med alternativ behandling. I tillegg er han ein ivrig laksefiskar.

– Eg har nok å gjere, kan du seie, seier Pål og ler.

Håpar på grei overgang for dyra

I fjøset har Pål 22 storfe som skal flyttast inn i fjøset på Åshamaren. Det er både kyr, kviger og kalvar.

– Det tek litt tid før dei finn sin plass i flokken, vi får berre sjå og håpe på at det går bra. Det er heldigvis mange dyr som flyttast samtidig, så eg trur ikkje det blir dei store utfordringane, meiner han.

Frå før er kyrne vande med bås, mens no får dei gå fritt saman med dei andre i lausdriftsfjøsen. Det blir også andre rutinar med mjølking som kyrne må venne seg til.

– Kyrne er vande til å gå på fjellbeite om sommaren, så eg trur ikkje det blir noko problem. Vi kjem også til å nytte fjellbeite framover, slik at utmarka kjem til å bli nytta som før, legg han til.

Beheld sauedrifta

Nyttingnes har ikkje berre storfe på garden på Roti, men også 40 vinterfôra sau. Dei vil han framleis ha på garden, slik at ikkje all drift forsvinn.

– Eg ønsker framleis å ha dyr på beita rundt garden og i utmarka. I første omgang kjem eg til å flytte sauene ned i kufjøset, men på sikt ser eg føre meg andre føremål med bygningane, utan å røpe for mykje.

Vil vidareutvikle

Både Kjell Magne og Nikolai er glade for det nye tilskotet i samdrifta og håpar på godt samarbeid dei kommande åra. Fordelinga mellom dei blir ni månader på Kjell Magne, to månader på Pål og ein månad til avløysar.

– Vi kjem til å ha jamne planleggingsmøte for å halde kvarandre oppdaterte. Det viktigaste i ei samdrift er kommunikasjon, og at ein veit at ein har med menneske å gjere. Så må vi justere oss etter kvarandre undervegs, seier Kjell Magne Åshamar.      Også Nikolai ser føre seg ei framtid med større fjøs, og mjølkerobot.

– Eg legg ikkje skjul på at eg ser føre meg mjølkerobot om nokre år. Vi kjem i allefall til å søke på tilskot kvart år til vi får det, seier Nikolai.

Det er mykje nytt kyrne må venne seg til. Glatte golv, som er annleis enn i båsfjøs, nye rutinar, nytt språk og nye omgjevnader. Foto: Anita Ingebrigtsen
Dei nykomne kyrne frå Roti undersøker dei nye omgjevnadene, og gjer beskjed på kyravis. Foto: Anita Ingebrigtsen
Pål helsar på ei av kyrne som har stått i fjøset på Roti tidlegare. Ho har allereie flytta inn på Åshamar, og funne seg godt til rette. Ho kan vere med på å lette overgangen for dei nykomne. Foto: Anita Ingebrigtsen
Nysgjerrige kyr ventar på nye kameratar i fjøset. Det tek litt tid å finne ut av ny rangordning, men både Pål og Kjell Magne håpar at alt går fint føre seg, og erfaring viser at større flokkar som kjem inn samstundes taklar det betre, enn om det berre er ei eller to nye kyr på same tid. Foto: Anita Ingebrigtsen
Like før alle kyrne skal inn i det nye fjøset. På grunn av det dårlege vêret som er meldt må dei flytte før snøen kjem og gjer det vanskelegare å frakte dei på hengar. Foto: Anita Ingebrigtsen
Dei første kyrne kjem til Åshamar og skal finne seg til rette i nytt fjøs og nye omgjevnader. Pål Nyttingnes og Nikolai Åshamar synest flyttinga går greitt. Foto: Anita Ingebrigtsen
Pål Nyttingnes klar til å gå inn i fellesfjøs saman med Kjell Magne Åshamar og Geir Ove Hundeide. Foto: Anita Ingebrigtsen
Samdrifta på Åshamar ligg flott til ved Nordfjorden, og med utsikt til Nordfjordeid. Fjøset vart bygd i 2003, og har plass til 50 mjølkekyr, i tillegg til like mange kalvar, ungdyr og oksar. Foto: Anita Ingebrigtsen
Garden på Roti vil framleis ha sauedrift, men flyttar mjølkeproduksjonen til Åshamar. Bildet er teke i 2010. Utlånt av FHA L.Lunde. Foto: R. Spikings