– Vi er i ein oppstartsfase med kurset, og evaluerer undervegs. Det er ikkje noko minstekrav for å bli med, vi trur alle vil ha utbytte av å vere med på eit slikt kurs. Vi har hatt kurset ein gong tidlegare, med gode erfaringar. Også tilbakemeldingane syner at dette var veldig nyttig, seier Silje Hjellbakk Hole.

Sjå deg sjølv som forelder

– Vi lo godt då vi vart kursa i dette i Oslo, for vi kjente oss igjen. Som foreldre gjer ein ofte rare ting, men det meste av feiltrinn går å reparere. Ein gjer seg refleksjonar over korleis ein sjølv vart oppdratt, og korleis dette påverkar oss i vår foreldrerolle. Det er ein god start å sjå seg sjølv som foreldre, seier ho.

Trygg hamn

Alle barn treng ein trygg base, og ei trygg hamn. Kurset baseres på Circle of security, eller også kalla tryggheitssirkelen. Moderne tilknytningspsykologi handler om å se barnet innenfra. – Bruk trygghetssirkelen for å forstå barnet betre.

– Det er viktig å vere til stades når barnet søker tryggleik eller trøyst. At ein ikkje som forelder sit med nasen i mobilen, eller ikkje svarar når barnet tek kontakt. Ein treng å rette blikket opp og vere til stades. Barn søker kontakt heile tida, og sjølvsagt kan ein ikkje vere der alltid.

Føremålet er at foreldre skal kjenne at dei kan hjelpe borna sine med til dømes:

• Tryggleik og gode relasjonar

• Å forstå kvifor born oppfører seg som dei gjer

• Korleis born kan hjelpast til å utvikle seg positivt

Unnskyld meg

– Kanskje vert ein veldig sint på barnet, eller sur for noko, og så angrar ein på det. Då må ein sette seg ned og seie til barnet at ein beklagar at ein vart så sint. Det handlar om å seie unnskyld, og «Mamma/Pappa er glad i deg!». Uansett kva ein har gjort eller sagt, så går det å rette det opp, forklarer Silje.

Det er allereie 6–8 påmelde til kurset, men vi planlegg å halde fleire kurs. Helst ønsker dei at både mamma og pappa kan delta på kurset. Dei som ikkje har høve til å delta no kan melde seg på seinare kurs. Silje seier det er viktig å ikkje berre sjå på dei feila ein gjer, men også på dei positive tinga.

– Det er viktig at ein ikkje berre ser dei feila ein gjer, men også det positive. At ein ser framover og ser dei mulegheitane ein har. Det er viktig at foreldra ser barna sine behov, og veit korleis ein skal møte dei ulike behova. På kvart kurs ser vi ein filmsnutt av ekte barn i ekte situasjonar, som er filma med tilatelse frå foreldra, der dei fortel korleis dei har erfart dette, fortel Silje.

Barn hand i hand. Illustrasjonsbilde. Foto: Olin Maria Yri
I dag finst det appar som kan måle tidsbruken din på mobilen per dag, veke, månad eller år. Foto: Anna Wuttudal