Den 8. mai er dagen vi feirar vår fridom og heidrar alle våre veteranar og deira innsats for Noreg. 8. mai er også datoen for grunnlegginga av Røde Kors, og er såleis den internasjonale Røde Kors dagen. I Eid kommune slær vi desse to markeringane saman til ei høgtidleg markering i flotte rammer på Eksersisplassen på Nordfjordeid.

Den 8. mai er dagen for å heidre alle veteranar, og veteranfamiliar, frå andre verdskrigen og fram til dei internasjonale operasjonane i dag. Etter andre verdskrigen har over 100 000 nordmenn tenestegjort i nesten hundre ulike internasjonale operasjonar i over 40 land i fire verdsdelar.

I sentrum for den lokale markeringa på Nordfjordeid står Sørgende Mor, minnesmerket over dei falne i 2. verdskrigen frå Nordfjord. Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, vil halde tale for dagen. Også Norsk Reserveoffiserforening (NROF) avdeling Nordfjord v/Frode Fagerli held appell og blomeseremoni.

Den internasjonale Røde Kors dagen vert markert med appell frå Eid Røde Kors. Denne vert i år halden av Hilde Henriksen. Tema for årets Røde Kors markering er «Personleg beredskap – den første hjelpa». Konferansier på Eksersisplassen er Eli Førde Aarskog og Eid Musikklag står tradisjonen tru føre den musikalske delen av markeringa.

Opptog gjennom Eidsgata

Arrangementet startar med opptog/ defilering frå Eid kyrkje, gjennom gata, til markeringa på Eksersisplassen.

I forkant av markeringa har mange lag, foreiningar, Malakoff Rockfestival, Eidarussen 2017 og engasjerte einskildpersonar lagt ned eit stort antall dugnadstimar for å gjere Eksersisplassen klar til frigjerings- og veterandagen og alle dei andre arrangementa som skal vere der denne sommaren.

Dette omfattande dugnadsarbeidet er leia av Plassens Venner. Det er også Plassens Venner som står føre den trivelege festen etter markeringa ved Sørgande Mor. I og ved dei gamle husa på Eksersisplassen vil det vere festdekka bord for sosialt samvere. Alt ligg til rette for ei flott markering i vakre omgjevnader.

Arrangørane reknar med at mange store og små vil bli med å markere frigjerings- og veterandagen også i år. Vel møtt!

Arr. Eid kommune, Plassens Venner, Eid Røde Kors og Eid Frivilligsentral.

Programmet for markeringa ser slik ut:

kl. 17.30-17.45          Oppstilling til tog ved Eid kyrkje

kl. 17.45                   Toget går frå Eid kyrkje, gjennom gata, til Plassen

kl. 18.00                   Arrangement ved Sørgende Mor, Helsingar, markering av Røde Kors dagen

ca. kl. 18.45              Festsamvere i husa på Plassen

Sal av mat og kaffi, lotteri til inntekt for Plassens Venner.