Det var seksåringane som song «Ole Olemann», «No er det Jonsok og vi er så glad», og «Jeg gikk en tur på stien». Ungane hadde pynta seg for anledninga som Jonsokbrur og felespelar, og plukka blomster som dei skulle dele ut til dei eldre.

Dette er noko både ungane og bebuarane gler seg til. Også dei andre barna frå Golvsengane barnehage gjekk i brurefølge bort til Eldretunet, som er næraste nabo. Etterpå skulle dei feire med fiskeburgar i barnehagen.

Brita Rye er ein av bebuarane på Eldretunet ho syntest det var festleg med fint besøk.

– Ja, dette kjenner eg att frå eg var ung. Då brukte vi også kle oss ut som Jonsokbrur og felespelar. Dette var ei god oppkvikking på dagen. Veldig flott og sjå på. Og så fekk vi så fine blomster av dei også, seier ho.

Også dei tilsette sette pris på besøket. Sonja Edvardsen seier dette er ein flott tradisjon. Gjerdane barnehage er ofte innom og syng for dei eldre, nærmast ein gong i veka.

Sjå video her.