– Skadeverket har skjedd i løpet av sist veke. Det vart oppdaga no i helga, og det er snakk om betydeleg skader på instrumenta i styrehus og i motorrom. Kor stor verdi det er gjort skade for er for tidleg å seie, og det er noko bedrifta må få oversikt over etter kvart, seier Morten Hagen, innsatsleiar i politiet i Nordfjord.

Det var bedrifta som eig arbeidsbåten som oppdaga skadeverket.

No ber politiet om tips i saka.

– Har nokon sett noko så gi oss beskjed. Denne arbeidsbåten ligg til kai nord for Intercomterminalen i Måløy, og om nokon har sett nokon på kvelds eller nattestid sist veke, så vi vil ha tips, seier Hagen.

Politiet var på staden måndag, og skal tilbake torsdag for å gjere ytterlegare undersøkingar.

– Det er mange ulike teoriar for kva som ligg bak dette skadeverket. Det er ikkje berre instrument og kablar som er øydelagde, men brannslokkingsapparat er brukt utover i styrehus og i motorrom også, fortel han.