Aleksander Ristesund frå Kvamsøy i Sande kommune er på veg til Bergen. Då han kom til Lote og skulle ta 09.00 ferga, vart det ein mellombels stopp.

– Dette passa dårleg. Eg er på tur til Bergen, og skulle møte ein fyr om ein bil der. Viss einaste alternativet er å køyre rundt via Stryn og Utvik så må eg vel gjere det, seier Ristesund.

Det er ikkje klart når ferga kjem i drift igjen, og ferjemannskapet opplyser at det er same feil som oppstod tidlegare i helga, motorstans.

Vegskilt før Skipenes bru varslar bilistane om at ferga er stengt. Det er ikkje meldt om når den kjem i drift att. Foto: Anita Ingebrigtsen
Ferga mellom Lote og Anda er ute av drift grunna motorhavari. Foto: Anita Ingebrigtsen