Trykk på pila til høgre for å sjå fleire bilde.

Fredag kveld song Bergen Domkor i fabrikklokala til Nordvestvinduet på Almenning, i samband med Seljumannamessa denne helga.

Konsert med Bergen Domkor

Akustikken i fabrikklokala var fantastisk, og ein publikummar sa det like godt kunne høyrast ut til å ha vore i Nidarosdomen.

Rundt 100 personar kom for å høyre på vakker song frå Bergen Domkor. Dei skal vidare til Hakallegarden i dag laurdag, og ha kyrkjekonsert i Selje kyrkje i kveld (laurdag). Mange av songane er skrive av personar som er med i koret, mellom anna Bånsull av Marie Rafteseth, Messe av Tord Kalvenes og arrangement av Rolf Stewart. Elles framførte koret også songar frå Jakob Sande, Anders Hovden og Sunnivahymnen for å nemne noko.

Bergen Domkor vart etablert hausten 2009. Dei er å rekne som eit av Norges fremste kammerkor. Dirigent er Kjetil Almenning.

Allergitablettar og vatn

Det er første gong at Bergen domkor syng i eit fabrikklokale. Og forut for konserten har dei tilsette rydda og reingjort så godt det lét seg gjere. Mellom stablar av materiale, pallar og maskiner heldt Bergen Domkor ein aldeles nydeleg kveldskonsert. Støvet som ein finn i lokalet gjorde til at fleire av solistane likevel fekk litt problem med stemma.

– Det var veldig mange som måtte pøse innpå med allergitablettar, litt allergispray og vatn. Då gjekk det greitt for dei fleste, seier ei av solistane Ingrid Mostad Braaten.

Mostad Braaten har mellom anna skrive songen «Han la i min munn en ny sang».

Marie Rafteseth kjem frå Søre Sunnmøre, og har vore med i koret i sju år. Koret øver ein gong i veka kvar onsdag. Ho hadde ikkje problem med stemma, og fekk til dei aller lysaste tonane.

– Det er veldig annleis enn kva vi er vande med frå Bergen Domkyrkje. Eg syntest akustikken i fabrikklokalet var overraskande god, etter kvart som vi vart vande med å synge her, seier Marie Rafteseth.

Les meir i avisa tysdag.