Dette kjem fram av saksutgreiinga før styremøtet i det interkommunale selskapet Nordfjord Havn IKS måndag. Tilrådinga er i samsvar med innspel frå Eid kommune, om at Nordfjord Havn IKS går inn med 8,9 millionar kroner, som vil utgjere 49 prosent av aksjekapitalen i SeaWalk-selskapet.

– Dette er eit svært positivt signal. Eg synest vi frå Eid kommune si side har argumentert godt for at dette er eit prosjekt Nordfjord Havn IKS bør vere med på, seier Sigurd Reksnes (SP), som er nestleiar og Eid kommune sin representant i styret i Nordfjord Havn IKS.

Innstillinga frå hamnedirektøren

I saka ”Deltaking i «SeaWalk» Nordfjordeid AS (SUS)”, som altså skal behandlast i morgon er dette innstillinga frå hamnedirektøren: «En «SeaWalk» på Eid vil styrke hele Nordfjord i konkurransen med de andre cruisedestinasjonene sør og nord for Nordfjorden. En vil få variasjoner av turer for hele vest regionen. Ref. rapporten frå CTMA. Det vil være svært uheldig å ha to forskjellige cruisedestinasjoner som konkurrere med hverandre. På grunnlag av likviditets analysen utarbeidet av SUS med 60 anløp innen 2020 og en gradvis økning til 100 anløp innen 2024 vil jeg anbefale å gå inn på eiersiden med 49 %. Sammen med Eid kommune vil en da ha aksjemajoriteten over selskapet. SW bør da administreres av NH og om mulig også drifte denne. Om det viser seg at Eid ikke er den rette plassen for å etablere en «SW» kan denne flyttes til andre destinasjoner om nødvendig.»

Desse skal avgjere

Dei som sit i styret i Nordfjord Havn IKS og skal avgjere saka måndag er: Elisabeth Elliott (leiar) frå Vågsøy, Sigurd Reksnes                (nestleiar) frå Eid, Frode Kupen              frå Vågsøy, Kristian Skibenes frå Vågsøy, Per Kjøllesdal frå Stryn, Magny Husetuft Myklebust frå Selje og Solveig Lien Gusdal frå Gloppen.

– Det blir ein viktig dag. At vi no har fått ei positiv innstilling frå hamnedirektøren er sjølvsagt svært viktig, men ingenting er avgjort. For SeaWalk-prosjektet er det uansett veldig viktig at vi får eit vedtak no, seier Sigurd Reksnes.

Han understrekar at uavhengig av kva vedtaket blir i styremøtet i Nordfjord Havn IKS måndag, må Eid kommune sørgje for å gjere eit grundig arbeid.

– Eid kommune må behandle byggjesak på ein skikkeleg måte, og følgje formelle prosedyrer og regelverk. Ikkje minst er dette viktig i forhold til innspela som har kome frå grunneigarar i området, seier Reksnes.

Meir om saka i Fjordabladet tysdag.