Anita Førde kjem opphavleg frå Breim, men har vakse opp på Eid. Sidan ho var 13 år har ho jobba med mat, då starta ho som sommarhjelp på Promenaden i 1990. Førde har teke fagbrev som kokk, og endeleg har ho fått oppfylt draumen med eigen kafé, her har ho mange planar og draumar ho håpar å få realisert.

– Vi har gjort om kafeen, og fått meir effektiv bruk av borda. Det kjem også eit leikerom rett ved sidan av kafeen, der barna kan leike medan foreldra kosar seg på kafé. Menyen vil bestå av heimelaga og norsk mat laga frå botnen av, fortel ho.

Ho vil heller bruke dyrare råvarer og lage gode produkt, enn masseprodusert fastfood. I kafeen kan ein også få kjøpt brød frå bakeriet på Bryggja. Anita ønsker også å tilby dei som har glutenallergi god mat, og har investert i glutenfri frityr.

– Vi tenkjer heile tida på allergivenneleg mat, og håpar på større utval etter kvart. Det blir heimelaga kjøttkaker, raspeballar og lapskaus. I tillegg vil vi ha ein grillmeny med spesielle hamburgarar som inneheld 100 prosent kjøt og brød frå bakeriet på Bryggja. Alt av påsmurte smørbrød vert gjort her. Alle kakene er dagsferske, og nokre bakar vi sjølv, andre kjem frå bakeriet på Bryggja, fortel Anita.

Snart er også alle tilsette kursa i barista, og med den nye barista- og espressomaskina gler dei seg til å servere rykande fersk og spennande kaffi.

Anita Førde vert teken godt imot av senterleiar Gro Gjerdevik. Foto: Anita Ingebrigtsen
Anita Førde trivst godt i kafeen, og har fått betre plass til gjestane no når disken er flytta fram mot gangen. Foto: Anita Ingebrigtsen
Frå venstre: Anita Førde, Hege Hafsaas og Christian Johannesen. Foto: Anita Ingebrigtsen