Alfred Bjørlo og Åslaug Krogsæter presenterte Eid kommune og dei positive endringane som har gått føre seg dei seinaste 30 åra.

Nokre av punkta som vart trekt fram var:

– ei positiv auke i sysselsettinga på sju prosent sidan 2000

– Eid ein fattig men veldriven kommune

– Nytt bu og behandlingssenter, Hogatunet

– Ny idrettshall

– Skulestad i 150 år

– Rikt kulturliv

– Stor grad av frivillig arbeid

– Auka busetting, og folketalsvekst

– Næringsliv i vekst

Eid klargjer seg for morgondagen ved å bygge ut på fleire plan. Hogaåsen bustadfelt, Eidahallen, Hogatunet, Nordfjordeid vassverk, Eid Næringspark, Sagaparken.

125 år med handel

Bjørn Kåre Moen fortalde også frå korleis bestefar hans starta opp for 125 år sidan, og korleis han og broren Ivar har halde fram med handelsvekst på Nordfjordeid.

Årsaka til at brørne valde å satse på utbygging av Amfi Nordfjord var at dei såg potensialet til 45.000 menneske innanfor 1 time frå Nordfjordeid som kan handle på Eid. Handelslekkasjen mot Ørsta og Førde meiner dei vert mindre når ein får tak i dei varene ein treng lokalt.

– I dag arbeider det 130 menneske i Amfi Nordfjord til saman, der 80 prosent er kvinnelege tilsette. Av 24 butikksjefar er 19 kvinner, og berre fem menn, fortel Moen.

Det syner at Amfi Nordfjord er ein betydeleg kvinnearbeidsplass som det er stort behov for på Eid.

Lot seg imponere

Etter presentasjonen til både ordførar Alfred Bjørlo, rådmann Åslaug Krogsæter og Bjørn Kåre Moen, takka Jenny Følling for flotte presentasjonar. Ho kjenner seg veldig velkomen kvar gong ho kjem til Eid.

– Det er tydeleg at de har satsa på å ta godt imot gjester. Vi føl oss alltid veldig velkomne når vi kjem til Eid. Og vi forstår at de er stolte av det de har fått til her, seier ho.

Etter presentasjonen fekk fylkesutvalet vere med på synfaring på det nye Myklebustskipet som vert bygd på Sagastaden.

Fylkesrådmann Tore Eriksen og Fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Anita Ingebrigtsen