Meldinga kom 07:33 om at to bilar hadde kollidert på Måløybrua.

Vegen vart sperra ein kort periode, medan naudetatane kom til staden.

Ifølgje Fjordenes Tidende skal det ha vore ein person i kvar av bilane. Det skal også ha vore glatt vegbane.

Skadeomfanget er førebels ikkje kjend.