Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid er det nasjonale senteret for fjordhesten, i dag kjem Jon Georg Dale på besøk.

– Statsråden kjem hit til oss i dag. Her vil han få sjå både korleis terapiriding føregår, mellom anna på ein dølahest. Han vil få innblikk i avl og seminstasjonen vår, og korleis ein bruken av fjordhesten er i dag. Vi vil vise fram auken innan avlsarbeid og dei gode resultata, og at det vi jobbar med kan bli endå betre, seier leiar for Norsk fjordhestsenter Magny Hjertenes Flyum.

Vil oppretthalde viktig avlsarbeid

For hestesenteret er det viktig at tilskotet oppretthaldast, slik at det viktige arbeidet dei gjer for dei norske hesterasane kan halde fram. I fjor fekk hestesenteret litt i overkant av 2,3 millionar kroner.

Det er et stort potensiale for verdiskapning i norsk hestenæring. Statsråden vil seie noko om satsing framover på hest. Svenskane brukar over 48 milliardar kroner på hestenæringa, medan ein i Norge ligg på kring 8-9 mrd kroner. Hestenæringa får folk i byen ut på bygda, det er også den einaste sporten der kvinner og menn konkurrerer likt.

Også til Stranda, Hornindal og Volda

Tidlegare i dag skal landbruks- og matministeren få ei omvisning på fabrikken på Orkla Foods Stranda. Han skal innom mjølkebonde Per Ståle Lillestøl i Hornindal, og geitebonde Hogne Humberset i Volda som har omlag 255 melkegeiter og litt sau.