Bjørhovde (tidlegare styreleiar i Harpefossen skisenter), sit på historikken for korleis prosessen fram til vedtaket i går har vore. Harpefossen skisenter starta allereie i 2008 å sjå på mulegheita for å få til eit Catskiing tilbod på skisenteret. For å kunne tilby eit supplement til det ein allereie hadde på skisenteret.

– Vi tok tak igjen i det i 2010, og jobba vidare med det nokre år før vi samla fleire stortingsrepresentantar før stortingsvalet i 2013, der mellom anna Bjørn Lødemel var med. Alle var positive den gong, og Lødemel er ein av dei som har følgt opp dette heile vegen. Også Eid kommune har vore på hogget, og fått traseane inn i kommuneplanen. Det har vore ein bra prosess på mange måtar. Sjølv om Fylkesmannen sa nei, så gav ikkje Eid kommune seg, og fekk løypene teikna inn i kommuneplanen. Difor skal alt no ligge til rette for at vi kan sette i gang, seier Bjørhovde.

Vil ta tid

Men det er ikkje berre å setje i gong. Sjølv om Harpefossen skisenter har hatt løyve frå Eid kommune til å drive testing av Catskiing for å kunne gjere seg opp erfaringar, så er det mykje som står att for at dette skal kunne realiserast neste sesong.

– Det er vanskeleg å planlegge drift og få dette konkretisert. Vi håpte at det skulle gå raskare å få til dette. Norge er kanskje det mest restriktive landet i verda på motorisert ferdsel i utmark. Vi har kanskje vore urealistisk optimistiske at det skulle gå tidlegare. Det var ei høyring i fjor, der vi fekk med oss organisasjonar på ei uttale. Dette vil vere i tilknyting til eksisterande skianlegg, og eit supplement til det skisenteret allereie tilbyr, forklarer Bjørhovde.

Skaffe erfaring

Føremålet er å kunne tilby ein transportteneste der ein knyt opp eksisterande personell som er kjend i området, og eksisterande trakkemaskin for å få til eit spesielt produkt.

– Men det er ikkje berre enkelt å drive med testing. Vi har hatt ein dårleg vinter i år. Men vi fekk testa i fjor og i forfjor, og har skaffa oss litt erfaring. No kan vi begynne å detailplanlegge korleis dette tilbodet skal vere. Ein vil ta kontakt med grunneigarar og andre, for å få tilbakemelding på korleis ein skal kunne gjere dette på best muleg måte. Det må på plass eit skikkeleg opplegg, seier Bjørhovde.

– Vi har hatt positive erfaringar. Det vi såg, var at også andre nytta seg av dei spora som vart køyrd opp til toppane. Det var ein måte å lett komme seg opp til fjells både på ski og truger. Dermed får ein tilrettelagt for fleire å komme seg på toppturar. Løypene vil også bli merka med stikker, seier han.

Utfordringar

Vêret er sjølvsagt den største utfordringa. Det må vere godt ver, og gode snøforhold. Men det er også utfordringar både med sikkerheit og korleis ein kjem seg tilbake til skisenteret når ein er komme ned i dalen.

– Vi må også kunne sikre oss at alle dei vi køyrer opp har komme seg ned. Og korleis kjem ein seg frå toppar på sørsida av dalen tilbake til skisenteret, til dømes. Det er eit avgrensa med tal seter i trakkemaskina. Ved dårleg ver kan det vere lagt opp til alternative trasear i skogsterreng, seier han.

Det står difor att ein god del arbeid før Harpefossen skisenter kan seie når dette tilbodet kjem i gang. Men det er lov å håpe på at det kan skje frå neste vinter.

Jan Petter Solberg og Mads Jonsson, med Nordfjord i bakgrunnen. Foto: Inger Træen
Jan Petter Solberg, Mads Jonsson, Preben Loktu, Mikkkel Bang. Foto: Inger Træen
Catskiing Harpefossen. Foto: Inger Træen