Etter Vågsøy kommune sitt vedtak om å leggje ned Bryggja skule, er det fleire foreldre frå Bryggja som har tatt skeia i eiga hand for å ta styringa på kvar ungen deira skal gå på skule.

– Det er søkt om plass for 18 elevar frå Bryggja. Det gjeld heile spekteret med 1.–7. trinn, stadfestar rektor Hals.

Stårheim skule

I tillegg er de fleire elevar som har søkt om plass på Stårheim skule.

– Per i dag er det 13 elevar som har søkt Vågsøy kommune om å få gå på Stårheim, opplyser kommunalsjef i Eid kommune, Harald Sivertsen.

– Førebels har ingen teke kontakt med meg om det å gå på skule i Eid kommune, men kommunalsjefen i Vågsøy opplyser at nokre elevar frå Bryggja har søkt om å få gå på Stårheim. Når det gjeld eventuelle søknadar til Eid ungdomsskule må også dei handsamast i begge kommunar før ein kan gi eit svar. Først i Vågsøy og så Eid, fortel Sivertsen.

Mange nye elevar

For montessoriskulen i Kjølsdalen blir det frå hausten av ein ny kvardag med langt fleire elevar enn tidlegare.

– Vi har det største inntaket vi nokon gong har hatt, og har 24 nye søkjarar på skulen frå august. 15 av desse har vi tilbode plass. Vi får med andre ord mange nye elevar frå neste skular, fortel rektor Hals. I år er det mest nye elevar utanfrå Kjølsdalen som har søkt, og det skuldast nettopp nedlegging av Bryggja skule.

Hovudsakleg er det dei yngste som har fått plass, men montessoriskulen i Kjølsdalen ser på balansen i elevflokken så det ikkje skal vere ei tung elevgruppe i forhold til ei anna.

– Det er vi nøydde til for å balansere drifta, seier rektor.

Ikkje plass til alle

Han innrømmer at det har vore eit vanskeleg val.

– Ikkje alle søkjarane frå Bryggja har fått plass. Vi må ta inn det tal elevar som kan forsvarast ut ifrå drifta vi har. Samtidig veit vi at det vert ein kjempeovergang å kome til ein montessoridriven skule for elevar som er van med vanleg skuledrift. Det er også bakgrunnen for at vi har tatt inn flest utanfrå til dei yngste trinna. Til eldre barna er til vanskelegare er det å tileigne seg dei nye prinsippa. Dei minste elevane har mindre «bagasje» til å ta imot informasjon, og vi håper sjølvsagt dei blir med heile skuleløpet,seier han.

Dobbelt så stor

Frå hausten av blir småskulen i Kjølsdalen dobbel så stor som den er no.

– Det har vore diskusjon i kollegiet om kor langt vi skulle strekkje oss til å ta inn nye elevar. På same måte som vi har gjort på det store trinnet kjem vi til å rive ned ein vegg for at småtrinnet skal få eit stort og lyst rom. Det er også naudsynt når småtrinnet no får så mange fleire elevar, fortel Hals. Han påpeikar at dei ønskjer å drive med best mogleg skuletilbod.

Komande onsdag skal oppvekst og kulturutvalet i Eid handsame søknad frå Kjølsdalen Montessoribarnehage om å få utvide talet på plassar.

– Med 40 i barnehage og 45 på skule er vi plutseleg oppe i 85 barn her, konstaterer Hals. Ingebjørg Nilsen Stokkenes

– Aldri før har vi hatt så mange som søkjer om plass hos oss, fortel rektor Thomas Poul Reines Hals. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes