Fylkesmann Anne Karin Hamre tilrår fire nye kommunar i Sogn og Fjordane.

I Nordfjord gjeld dette at Hornindal får slå seg saman med Volda, men Fylkesmannen meiner også at Vågsøy og Selje skal danne ein ny kommune som då vil få 8.800 innbyggjarar. Ho peikar mellom anna på at dette er to kommunar som begge har hatt svak folketalsutvikling, og at begge har utfordringar med alderssamansetning.

Selje har vedteke at dei ikkje ønskjer å slå seg saman berre med Vågsøy, men her legg Fylkesmannen altså opp til tvang. Fylkesmannen meiner at ein større og sterkare kystkommune i ytre Nordfjord vil vere starten på ei betre utvikling for kysten av Sogn og Fjordane.

Tilrådinga

– Eid, Stryn og Gloppen bør gå i nye drøftingar

I Sunnfjord har Førde, Naustdal, Gaular og Jølster sjølve bestemt at dei vil slå seg saman. Fylkesmannen meiner at det også trengst eit sterkare regionalt tyngdepunkt i Sogn og tilrår at kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand vert ein ny kommune med 11.500 innbyggjarar. Grunngjevinga er mellom anna at dei tre omfattar eit godt integrert arbeidsområde, og at det vil bli lettare å ta på seg nye oppgåver i ein stor kommune.

I Nordfjord oppfordrar Fylkesmannen kommunane Eid, Stryn og Gloppen til å gå i nye drøftingar om kommunereform. Hamre ser ikkje bort frå at det på sikt kan bli ein Nordfjordkommune som også omfattar Selje og Våsøy.

Fylkesmannen skriv i si tilråding:

"Midtre og Indre Nordfjord med kommunane Eid, Gloppen og Stryn kunne ha skapt ei felles kraft for å utvikle denne delen av fylket. Dette er tre jamstore kommunar med om lag 6000 til 7000 innbyggjarar kvar. Med nye vegsamband mellom Gloppen og Stryn og betre ferjesamband over Nordfjorden mellom Gloppen og Eid, ligg det til rette for eit interessant trekant-samarbeid der dei kan gjere kvarandre endå betre. På sikt kan det kanskje også ligge til rette for ein stor regionkommune av heile Nordfjord, inkludert Selje og Vågsøy."

Når det gjeld Bremanger, ser Fylkesmannen føre seg at kommunen kan gå mot Selje-Vågsøy eller mot Florø.

Fylkesmannen skriv følgjande i si tilråding:

"Flora og Bremanger representerer eit kystalternativ i ein framtidig kommunestruktur. Men også der er ein avhengig av betre kommunikasjon sør-nord på kysten. Med dagens kommunikasjonar er det mindre pendling mellom desse kommunane, og heller ikkje mykje interkommunalt samarbeid. Med betre kommunikasjonar langs kysten kan også Selje og Vågsøy bli ein del av denne kystkommunen, eventuelt kan Bremanger bli ein del av Vågsøy og Selje. For Flora er det også eit alternativ å ta opp att tanken om å bli med i ein stor sunnfjordkommune. Fylkesmannen har sett på kommunane sine sterke og svake sider og utfordringar og moglegheiter i framtida. Særleg viser våre vurderingar og analysar at det er Bremanger som får dei største utfordringane framover, både på tilstrekkeleg kapasitet og relevant kompetanse innan sentrale fagområde som omfattar rettstryggleik, helse og sosial, plan og økonomi. Kommunen har høge kraftinntekter, men storleiken på inntektene er i stor grad avhengig av prisane på kraft."

Her kan du lese Fylkesmannen si eiga nettsak

Fylkesmannen skriv følgjande om Vågsøy og Selje:

"Kommunane Vågsøy og Selje vedtok intensjonsavtale saman med Vanylven kommune i Møre og Romsdal. Måla for ein ny og større kommune er å sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggjarane, å vere ein attraktiv lokaliseringsstad for næringsverksemd og sentrale tenester, å få sterkare gjennomslagskraft og å halde på stadidentiteten til innbyggjarane. Dette skal den nye kommunen få til gjennom delmåla:

* Skipe ein livskraftig og attraktiv kommune

* Leggje til rette for samfunnsutvikling og skape attraktive bu- arbeids- og fritidsområde i alle deler av kommunen

* Styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering

* Byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon med gode fagmiljø

* Vidareføre det positive ein har tileigna seg regionvis på tvers av kommunegrensene.

Desse to kommunane har ikkje gjort gjensidige vedtak om samanslåing. Vågsøy har vedtak om samanslåing, medan Selje er positive til samanslåing med andre kommunar, men ikkje berre med Vågsøy.

Kommunane peikar på utfordringar med små og sårbare fagmiljø, som rekruttering av spesialkompetanse på enkelte område innan sosial og helse, men også for planlegging og leiarstillingar. Etter Fylkesmannen sine vurderingar gjeld særleg dette Selje. Det er venta at kommunane får ein stor auke fleire eldre i eit 20 til 30-årsperspektiv, samtidig som talet for dei som er i yrkesaktiv alder kan gå ned. For samfunnsutviklinga er auka plan- og utviklingskapasitet er ein føresetnad for å skape betre utvikling på kysten. Vågsøy har ein økonomi i balanse, medan Selje har svakare økonomi og vore Robek-kommune dei seinare åra. For Selje er det særleg utviklinga med eit stadig lågare folketal som har ført til reduksjonar i inntektene, og blir utviklinga slik framover blir det krevjande og gje likeverdige tenester til innbyggjarane. Vågsøy får reduksjonar gjennom nytt inntektssystem frå 2017, dette kan kompenserast gjennom ei samanslåing. Ein ny og større kommune gjev moglegheiter til betre kapasitet og sterkare fagmiljø, samt at den blir i betre stand til å møte uføresette hendingar som ofte skapar økonomiske utfordringar i mindre kommunar.

Også regionale omsyn ligg til grunn. Begge desse kommunane har eit sterkt næringsliv, og ligg midt i smørauget for viktige næringar innan det marine, maritime, fornybar energi og reiseliv. Vågsøy har òg eit veksande teknologimiljø. Men det er framleis uløyste samferdslebehov på kysten, og behov for å knyte bu- og arbeidsmarknader tettare saman. Vi meiner at å byggje ein sterkare kystkommune i Ytre Nordfjord, med auka kapasitet til planlegging og utvikling, vil vere eit rett steg i retning av ei betre utvikling for kysten av Sogn og Fjordane.

Etter ei fagleg vurdering tilrår vi at kommunane Vågsøy og Selje slår seg saman til ein ny og større kommune i Ytre Nordfjord, og etablerer den nye kommunen frå 2020. Den nye kommunen vil få om lag 8 800 innbyggjarar, og vil bli eit tyngdepunkt for Ytre Nordfjord. Etter vår vurdering vil den nye kommunen oppfylle målsetjingane i kommunereforma og kriteria for god kommunestruktur, og det ligg til rette for at innbyggjarane får gode og likeverdige tenester i framtida gjennom tilstrekkeleg kapasitet og relevant kompetanse frå den nye kommunen. Det ligg derfor til rette for at den nye kommunen er, og kan utvikle eit funksjonelt område for ei heilskapleg samfunnsutvikling på kysten av Nordfjord, både lokalt og regionalt. Vidare bygging og etablering av den nye kommunen må skje på grunnlag og tilpassing av intensjonsavtalen som kommunestyra har vedteke.

Ei vidare utvikling/samanslåing på lengre sikt av den nye kommunen kan ha fleire alternativ som kommunen sjølv må vurdere og eventuelt utgreie saman med aktuelle kommunar. Ettersom Vanylven kommune var med i intensjonsavtalen, er dette også eit framtidig alternativ som kan vurderast."

Fylkesmann Anne Karin Hamre. (Skjermdump frå NRK si direktesending om kommunestrukturtilrådinga)