Etter eit folkemøte i Ålfoten førre veke, valde folk frå Ålfoten og Davik å bli samde om å gå for bru mellom Oteren og Bryggja.

Omlag 140 møtte fram til stormøtet. Reidar Sandal frå Kystvegen stod for det faglege innhaldet. Rådmann Tom Joensen var møteleiar. Etter møtet var ordet fritt, og det var mange gode innlegg og stort engasjement.

– Her kan bru byggast med delvis flyteelement og denne løysinga vil generere mest trafikk i alle retningar. Det vil også vere ei rimelegare løysing enn det Statens vegvesen har stipulert i si førebels siste utgreiing, seier Vik.

Konklusjonen frå møtet var følgande:

1. Ei bru i ytre mellom Tongane og Biskjelsneset ville rage 70-80 meter, og gå ut over sikkerheita i eit så verhardt klima som denne skal byggast i.

2. Bru mellom Tongane og Almenning ville medføre mykje sprenging for å få båtleia godkjend, så dette ville vere eit dårleg alternativ.

3. Bru mellom Oteren og Bryggja kan byggast med delvis flyteelement og vil generere mest trafikk i alle retningar.

Ifølgje Frode Vik vil ei bru mellom Oteren og Bryggja vere beste løysinga, vere tidsbesparande og ikkje minst gje befolkninga ein annan og lettare kvardag.

Frode Vik, leiar i Ålfoten grendeutval. Foto: Anna Wuttudal