– Vi skal spele en minikonsert nede, der den første sangen blir spelt for Dronninga, før ho fer opp i heisen. Så håpar vi at vi får muligheten til å bli med opp seinare. At Highasakite skal spele på samme arrangement på samme dag syns vi er sjukt kult. Vi har jo latt oss inspirere mykje av nettopp dei, fortel Maren Holmgren i Indigo Child.

Får draumestipend 2017

– Dette synest vi er kjempestas, og vi er svært takksame for at vi har Dan Åsebø og kulturskulen som gjorde det muleg. Pengane kjem nok til å gå til diverse utstyr, kanskje in-ear-monitors. I desse dagar er det førebuing til opninga av Loen Skylift, og når sommarferien nærmar seg trår vi til med masse øving i lag med Vilde og Anna og diverse førebuingar til Malakoff Rockfestival 2017. Det blir rått, seier Maren Holmgren.