Barbara Barnyak frå Ungarn har budd på Nordfjordeid i fem månader. Ho er volontør for Eid frivilligsentral.

– Imaget eg hadde av Norge før eg kom hit var flotte fjordar, store skogar, svømmande laks, reint miljø, frisk luft og ikkje minst velstand. Etter å ha budd her ei stund har eg ikkje unngått å legge merke til alt søppelet som ligg overalt. Eg fekk etter kvart eit stort behov for å rydde opp langs parkeringsplassen mellom kjøpesenteret og der eg bur. Eg berre måtte rydde opp, fordi det var så mykje søppel der. Eg fann glas, plastikk, metall, papir og så vidare. Imaget eg hadde av det reine og friske Norge slo sprekkar, svarar ho.

Ligg gjøymt under

Vi ser det ikkje lenger, alt søppelet som flyt i hagar, langs vegane, som heng i trea, eller ligg i fjæra. Søppelet berre er der, vi registrerer det, og så gløymer vi det like fort.

Det gjer ikkje Barbara. Ho ser det, tenker over kvifor det ligg der det gjer, kva er historia bak den flaska ho fann i hekken. Kvifor valde nokon å legge den der, i staden for å gå 20 meter vidare og legge den i søppelcontaineren, undrar ho.

Verdskjende nordmenn

– Eg spør meg om og om igjen, kvifor ligg søppelet på gata på Nordfjordeid? Kvifor er det ingen som legg merke til det, eller viss dei gjer det, kvifor er det ingen andre som kjenner seg ukomfortabel med at det ligg der? Men så tenkte eg, nei, dette kan ikkje stemme. Eg kan umuleg vere åleine om å gå med desse tankane. Nordmenn er jo verdskjende for å vere miljøbevisste, er dei ikkje, undrar ho.

Vaks fram ein visjon

Etter ei tid begynte ho bli skuffa og sint over alt søppelet ho såg. Sinnet vaks og snart dukka det opp ein visjon og ein draum om å få til eit ryddeprosjekt på Nordfjordeid. Eit ryddeprosjekt som kan engasjere frivillige lokale miljøvernarar.

– Kanskje ein gong i året, kanskje to gongar, eller aller helst ein gong i månaden, håpar Barbara.

Det ligg pengar strødd

– For å gje prosjektet både meining og innhald vil eg at pengane som kjem inn frå pantinga av flasker som vi finn rundt om, skal gå til Røde Kors. For det ligg mykje pengar i desse flaskene. Eg gjekk sjølv ein liten tur, og på berre eit lite område rundt Malakoff fann eg to bereposar fulle med flasker. Eg tok dei heim, reingjorde dei, og putta dei i pantemaskina på Rema. Den gav meg 32 kroner tilbake for strevet. Eg vart sjokkert, for dette var berre eit lite område, kor mykje pengar kan det ligge rundt resten av sentrum. No vil eg gjere meir, og prøve å bevisstgjere eidarane på kva som ligg strødd rundt oss i hagar, langs vegar og i parkane, poengterer Barbara.

Barbara kjem opphavleg frå Ungarn, og er volontør på Nordfjordeid i eitt år. Ho trivst svært godt på Eid, og synest det er ein flott plass. Men ho tenker stadig på alt søppelet som flyt overalt, og som ingen ser ut til å gjere noko med.

Treng frivillige

– No treng eg berre nok frivillige som vil vere med å hjelpe til med ein rydde-dugnad. Eg kjem til å ta kontakt med skulane på Nordfjordeid, for å sjå om vi kan få til ei løysing som kan halde fram også etter at eg er reist frå bygda. Er du interessert, ta kontakt med Eid frivilligsentral.

På 1 minutt: Berre på eit enkelt minutt fann vi alt dette liggande i ein hekk midt i sentrum av Nordfjordeid. Foto: Anita Ingebrigtsen
GØYMD UNDER: Inst inni ein hekk ligg det gøymt både flasker, plast, papir og aluminiumsboksar. – Ein må leite og sjå litt innunder ting, så dukkar det opp utruleg mykje, forklarer Barbara. Foto: Anita Ingebrigtsen
SLIK MÅ DET VERE: Det står bossdunkar rundt om i sentrum, dei tømmast med jamne mellomrom. Her kastar Barbara alt ho fann på eit enkelt minutt inni ein hekk midt i sentrum. Foto: Anita Ingebrigtsen