– Bakgrunnen er at Eid hagelag i samarbeid med Eid kommune skal ha ein snigleaksjon neste veke. Der oppmodar vi alle bebuarar i Eid kommune til å plukke sniglar i eigen hage. Det nyttar ikkje at du plukkar, viss ikkje naboen også gjer det. Vi anbefaler også å plukke fleire dagar etter kvarandre, seier Merethe Kjølberg.

Slik blir du kvitt dei

Bioforsk tilrår tre metodar å bli kvitt sniglane på:

1) Dele snigelen i to med ein spade, saks eller annan reiskap, det er ikkje naudsynt å samle dei opp.

2) Ha dei i ein behaldar og tømme kokande vatn over.

3) Putt dei i ein plastboks og legg den i fryseboksen med minus 20 grader i eit døgn.

Etter at ein har drepe sniglane på ein av dei tilrådde måtane, kan ein trygt grave ned dei døde sniglane i hagen eller kaste dei i komposten. Ein treng då ikkje vere redd for at eventuelle egg inne i den døde snigelen blir klekte til nye sniglar. Bioforsk frårådar desse måtane:

1) Å legge sniglane i salmiakk.

2) Å strø salt over sniglane.

3) Å legge sniglane i saltlake.

–Det enklaste er å dele dei i to med ein spade, og la dei ligge. Då tørkar dei inn, og du slepp vere redd for at dei har egg i seg som blir klekte, seier Merethe Kjølberg.

Kjem fram om kvelden

– Sniglane kjem ofte fram når det begynner å skumre, så det kan vere lettare å ta dei i 22.00-23.00 tida om kvelden. Dei likar ikkje sol og tørt ver. Dei legg seg gjerne ned i høgt gras på dagtid, fortel Sonja Øvrelid.

– Vi prøver å komme rundt og slå på alle offentlege stader i løpet av ei veke, og det hjelper på å halde brunsniglane vekke. Når det kjem til det høgare graset så brukar vi motorljå, einaste måten vi merkar brunsniglane på, er at vi då får dei på kleda våre. Og vi merkar at det er fleire der det er høgt gras, seier gartnar i Eid kommune Sigurd Førde Aaland.

– Viss du lar komposten din ligge open i hagen så ser vi at det kjem fleire brunsniglar, enn viss du samlar det saman og kvittar det med det, seier Kjølberg.

Laurdag skal Eid hagelag ha stand i Eidsgata, og svare på alle hage spørsmål du måtte ha.

ÈT BLOMSTRANE: Brunsniglen, eller mordarsnigelen som den også vert kalla skal vekk frå hagane på Eid. Og du skal plukke dei sjølv. Foto: Arkivfoto