Men bak dette ligg det eit alvor. Heimane vore bognar over av ting, og vi handlar inn nytt som handlar før. Vi har eit stort forbruk. I tidlegare tider kjøpte ein sofa som skulle vare både i tretti og førti år. I dag er det utenkeleg. Vi blir lei av det vi har og kjøper nytt.

Det er då gjenbruk er fantastisk – at nokon kan sjå nytta av det du ikkje gjere lenger. Og sofaen som ikkje er utbrukt kan få ny heim.

I Kjølsdalen hadde mange rydda i heimane dine, fylt bilane med lopper dei sjølve ikkje såg verdien av, og tatt med til loppemarknad i samfunnshuset no i helga. Og her gjekk folk mann av huse og fann verdifulle brukte skattar til nye heimar. Det blir som eit kinder-egg. Tre i ein. Ein får rydda, nokre får nye brukte skattar, og samfunnshuset fekk verdifulle pengar i kassa.

Plukka søppel langs vegane har dei også gjort i Kjølsdalen. På to timar fann dei skremmande mykje plast og anna skit.

Har du auga opne medan du køyrer lang vegane våre så ser du at det ligg mykje søppel overalt. Folk må vakne. Dette er søppel frå oss sjølve. Det er absolutt ikkje fint, og verre er at det set dyrelivet i fare. I det siste har det kome mange meldingar om all plasten som ligg i havet. Våre flotte fjordar langt Norskekysten er ikkje så idylliske likevel. Den er full av plast. Et du blåskjel? Då får du mest sannsynleg i deg plast også. Undersøkingar viste at det var plast i fire av fem blåskjel, og dette bekymrar forskarane. Det burde bekymre oss alle og gjere oss meir medvitne til kvar vi gjer av søppelet vårt.