Fjordabladet har tidlegare peika på at vi har fått meldingar om dårleg leiing og belastande arbeidsmiljø i enkelte avdelingar i Eid kommune.

På sist møte i administrasjonsutvalet var dette tema.

– Vi har hatt ei brei runde med administrasjonsutvalet og dei tillitsvalde, der konklusjonen er at ein ikkje kjenner seg igjen, fortel ordførar Alfred Bjørlo.

Han viser til at det er tatt ei undersøking hos dei tilsette, der ingenting tilseier at det er ein fryktkultur i Eid kommune.

Godt arbeidsmiljø

– Vi har ei oppfatning av at her er godt arbeidsmiljø. Nokre pågåande prosessar kan vere belastande, men desse går meir på enkeltpersonar. Det generelle er at her er eit godt arbeidsmiljø, seier Os Noste.

Ho viser til at ein har eit klart stillingsvern i lovverket, som Eid kommune må forholde seg til på lik linje med alle andre.

– Som hovudtillitsvald oppfattar eg at Eid kommune har ryddige og strukturerte prosessar, seier Noste.

- Ikkje fryktkultur

– Det er ikkje slik at her er ein fryktkultur og at ein skal vere redde for jobben sin, seier Mirjam Bruvoll, tillitsvald for Utdanningsforbundet.

– Men det er rart å oppleve at det skal vere mange som har kontakta Fjordabladet i saka. Vi veit ikkje kven dette er, men det kan også vere at desse er organisert hos nokre andre organisasjonar. Vi har tanka om at vi skal ivareta dei som treng det. Det er jobben vår, påpeikar Noste.

– For enkeltpersonar er det ikkje enkelt å stå i ein prosess, men det er vanskeleg å seie noko utan å kome inn på enkeltsaker, seier Noste.