I Eid er det 360 barnehageplassar. Sist veke var det berre fem ledige plassar i kommunen, men dette endrar seg fort.

– Utbygging av Gjerdane barnehage ligg inne i investeringsplanen for Eid kommune. Eit anna alternativ er å kjøpe barnehagebuss. Ein privat aktør har vore i kontakt med oss om barnehageplassar, men fordi det er for få barnehageplassar torde dei ikkje å satse med oppstart, fortel kommunalsjef Harald Sivertsen.

Per i dag ligg det an til utbygging av Gjerdane barnehage. Grunngjevinga er at den er sentralt plassert, ein vil lett justere tal plassar og at der er stabilt personale med god fagkompetanse. Sivertsen kjem til å legge fram ei politisk sak i juni med ei tilråding frå rådmannen.