Dette jubileet vart markert med ei rekkje offisielle arrangement kringom i landet. I alt skulle det vere over 50 ulike tilskipingar for å høgtide Vinje sin fødselsdag: Seminar, førelesingar, ordskifte mellom Vinje-kjennarar, taler og føredrag, kunstnarlege framføringar, opplesingar osv. Det vart også lagt ned blomar på minnesmerke og statuar av Vinje, t.d. i Mandal, Skien, Vinje, Oslo, Gran på Hadeland og Eidsbugarden. Samlaget gav dessutan ut Vinjes fremste prosaverk, «Ferdaminne», på nytt.

Minnet lever

Kvifor all denne viraken? Kva er det ved mannen og livsverket hans som gjer at han blir så mykje heider og ære til del ved 200-åremålsdagen? Kvifor har minnet om han levd så lenge?

I denne vesle artikkelen skal eg prøve å gje nokre svar på desse spørsmåla.

Aasmund Olavsson Vinje vart fødd 6. april 1818 i Uppistog Vinje i Telemark. Han blei fødd inn i små kår, og ti år gammal vart han morlaus. Faren var bygslemann, men var «ein kulturell aktør og kulturberar av rang i Vinje, frimodig og slagferdig, ein god forteljar og ein lesande opplysningsmann». (I.Stegane i «Norsk Biogr. Leksikon»).

Og Aasmund arva både lesehug og åndsevner frå faren. Han «las vilt», med L.Holberg som yndlingsforfattar.

Lærarvegen

Faren og soknepresten staka ut lærarvegen for den særs gåverike guten, og på hjelpeseminaret i Kviteseid fekk han utdanning som omgangsskulelærar, med beste karakter på vitnemålet. Så gjekk han to år på Asker seminar, der han «stundom svalt så det gaula».

I 1844 fekk han lærarpost ved borgarskulen i Mandal, der han underviste i yngre klasser om føremiddagen og var elev i høgre klasser på kveldstid.

I 1850 tok han examen artium på Henrik Heltbergs «Studentfabrik» i Christiania, der han gjekk saman med diktarspirene Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson.

I 1856 avslutta han det noko ustøe utdanningsløpet sitt med juridisk embetseksamen, men vart ingen stjernejurist. Det seiest at han førte berre ei sak, og den tapte han.

Engasjert, lesande og tenkjande

Truleg sakna han ikkje juristkarrieren. Som eit engasjert, lesande og tenkjande samfunnsmenneske stod skriving og publisering han nærare enn jussen. Og han vart ein særs produktiv og allsidig journalist. I løpet av 1850-åra skreiv han t.d. 700 artiklar i «Drammens Tidende».

Dei fleste saks- og samfunnsområde interesserte han: både sosialpolitikk (t.d. fattigdomsproblem), utanriksspørsmål, kulturliv, utdanning, økonomi, samferdsle, landbruk og teknologisk utvikling.

I 1858 tok Vinje til å gje ut sitt eige blad, «Dølen», (ein døl er ein person frå dalen, ein dalbu). I «Dølen» tok Vinje særleg opp kulturelle emne, t.d. litteratur, og mellom dei reint journalistiske tekstane smette han inn nokre av sine vakraste dikt.

I 1861 kom «Ferdaminne», Vinjes kanskje mest heilstøypte verk. Boka fortel om korleis Vinje gjekk til fots frå Christiania, opp gjennom Østerdalen, over fjellet til Trondheim, der han var til stades ved kroninga av kong Karl 15. Heimvegen la han over Romsdalen, gjennom Gudbrandsdalen og attende til hovudstaden.

Ferdaminne

«Ferdaminne» består av frittståande skisser; skarpe, morosame og åndfulle observasjonar han gjorde undervegs. Han skildrar med humor og forståing, men kan også vere ertelysten, sarkastisk, kritisk og jamvel infam.

Han vil både ergre, irritere og provosere, men også opplyse og mane til ettertanke. Og så dryssar han raust lyriske perler ut over prosateksten.

«Pionerskikkelse»

Vinje var tvillaust ein av våre fremste journalistar. Per Thomas Andersen karakteriserer han slik: «Vinje er en pionerskikkelse for norsk journalistikk generelt. Samtidig er han den viktigste grunnleggeren av en spesiell journalisttype, nemlig den kritiske, resonnerende, drøftende og samtidig sterkt litterært interesserte journalist; kort sagt er Vinje den essayistiske journalistikkens betydeligste gründer i Norge».

Ein føregangsmann var Vinje også i målsaka, og er ein av dei som har æra for at landsmålet (nynorsken) vann fram som jamstilt målform i Noreg i 1885.

Mot slutten av 1850-åra gjorde Vinje eit målskifte. Den stive, omstendelege og ufolkelege dansk-norske skriftforma var blitt ei språkleg tvangstrøye for han, og han tok i bruk den nye normalen som Ivar Aasen hadde arbeidd fram.

Målmann

Den nye språkforma verka frigjerande på Vinje – både som journalist og lyrikar.

Han følgjer ikkje Aasen-normalen slavisk, men prøver seg fram, leitar og famlar og tek inn ord, uttrykk og seiemåtar frå sitt eige heimemål.

Språket til Vinje kan difor verke inkonsekvent, men førte etter kvart «frå dansk skriftspråk gjennom dristig fornorsking til eit prøvande landsmål som vart meir og meir stabilt» (I.Stegane).

La grunnlaget

Det må vere rett å seie at A.O. Vinje – saman med I. Aasen og A. Garborg – la grunnlaget for det nynorske språket, som i dag er ein finstemt reiskap til bruk både i prosa og poesi.

Vinje skreiv mange dikt på dansk-norsk, men det var den nye målforma, landsmålet, som forløyste han som lyrikar. Ei rekkje av Vinjes beste dikt har funne ein fast plass i norsk songtradisjon, og fleire er tonesette, t.d. av E. Grieg.

Friluftsmenneske

Vinje var ein fjellvandrar og eit friluftsmenneske, og det er blitt sagt at han drog høgfjellet inn i norsk dikting. Kven hugsar vel ikkje opningslinene «No ser eg atter slike fjell og dalar, som dei eg i min fyrste ungdom såg»?

Mange av dikta hans er tankedikt. Her reflekterer han over livet reint allment, eller sin eigen livssituasjon, som stundom var tung og vanskeleg.

Nokre av dei mest kjende dikta hans er «Våren», «Den særde» (såra), «Gamle Moder», «Blåmann», «Tytebæret», «Den dag kjem aldri» og «Ved Rondane». Desse perlene gøymer vi med rette i nasjonen si lyriske skattekiste.

Samansatt

Mange har peika på at Vinje var ein særs samansett karakter; kløyvd, splitta og sprengd av indre strid. Edvard Beyer seier det slik: «Han er omskiftelig som ingen annen, springende, impulsiv, lettrørt og kynisk, hjertevarm og taktløs, radikal og konservativ, upålitelig og trofast, halvt bondegutt, halvt europeer».

Men under fleipen, spotten og ironien ligg det ein sår undertone. Vi møter ein blyg natur som dekkjer seg til med lått og flir: «Eg er like glad eg, sagde Guten, daa han gret».

Og så gåtefull og samansett var han, journalisten, målreisaren og diktaren Aasmund Olavsson Vinje. Men livsverket hans ruvar i den norske ånds- og litteraturhistoria.

Difor feirar vi 200-årsdagen hans.