Vilfred er slett ikkje salmakar som eg først trudde. Det er eit heilt anna fag og har for så vidt lite å gjere med seletøy, som er det Vilfred lagar. Kva for eitt av desse yrka som har aller færrast utøvarar i vår tid er ikkje godt å vite, sjeldne er dei begge og sjeldnare vert dei nok ettersom rimelegare industriprodukt et seg inn på marknaden.

Gamlemeisteren

Det var Sigurd Åland som lærte ifrå seg kunsten til Vilfred Nilsen. Nilsen var ny i bygda og hadde slege seg ned i Holmøyane med kona Else. Han var på jakt etter eit arbeid som kunne passe til den dårlege ryggen hans, og enda med å oppsøke Sigurd Åland som sat nede på Nes og arbeidde med hesteseletøy.

Her fekk han si første innføring i faget av ein som hadde lang erfaring og mykje kunnskap å formidle. Vilfred hadde aldri hatt noko med hest å gjere, men hadde sansen for lær og dessutan handlag og styrke til å arbeide med det til dels stive og uhandterlege materialet.

Trælar i hendene hadde han allereie frå hyselinefiske i Finnmark, og dei som har prøvd å handtere heile oksehuder, veit at det ikkje er for mjuke barnehender.

Vilfred er ikkje finnmarking men nordlending, frå Herøy på Helgeland, og det var ekteskapet som bragte han til Holmøyane. Seletøy til hest vart det som skulle bli yrket hans, og etter innleiande kursing hos gamlemeister Sigurd Åland kom detaljane på plass etter kvart.

Mange deler

Det er mange rørlege deler i ein hestesele, tilpassa ein hestekropp i stadig rørsle. Kryssorløysarar kjenner til ordet «ore»og at det har noko å gjere med seletøy, men for dei fleste stoggar det der. Det er altså ein metallring som knyter saman reimar som går i uilke retningar over, under og bak hestekroppen. Fleire forklaringar på ting ein vagt har undra seg over: Bogtre, som ligg rundt halsen på hesten og blir brukt som ein del av selen under tyngre arbeid; høvre, med ringar til å tre styretaumane gjennom; hodelag, som liknar på ei grime men går inn i munnen på hesten – og mykje meir.

Det som kjem nærast ein sal av det Vilfred lagar, er ein kløvsal med puter til underlag for last på hesteryggen. Kor lang tid det tek å gjere ferdig ein komplett sele, er ikkje Vilfred sikker på, men trur at det kan dreie seg om kring tjue timar.

Variert kundekrins

Ein god del av omsetninga går i dag føre seg på internett, og dette er det først og fremst sonen Leidulf som tek seg av.

Hesten sitt velvære er i fokus når utstyret skal lagast. Dyra er ulike på så mange måtar, og Vilfred hevdar at ein kan øydeleggje ein unghest med for tungt utstyr.

Kunden kan få ein spesialtilpassa sele etter mål. Når det går mot mai og «vårens vakraste eventyr», hingsteutstillinga i Øyane, førebur Vilfred Nilsen seg på mange kundemøte. Her er både nordmenn og utlendingar; nokre kjøper hest der og då og omsetninga av seletøy kan bli livleg. Hestesenteret Stav på Tretten er eit viktig norsk hestemiljø. Vilfred og Leidulf er der fleire gonger i året.

I dei siste åra har det vore litt nedgang, men 2018 har byrja veldig bra, og Vilfred har i det heile god tru på framtida. 72-åringen har ingen umiddelbare planar om å gje seg og er stadig oppglødd over yrket sitt etter førti år.

– Eg håpar at eg får med meg ein syl i kista, flirer han.

Silja er merra til Knut Rasmus Hjelle. Her har ho fått på seg den nye selen som Vilfred nettopp er ferdig med.
Eit bogtre består av ein kjerne av tre innramma av skinnputer stappa med ull. Foto: Aud Hjelle