Pressens offentlighetsutvalg har utarbeidd ein openheitsindeks for norske kommunar. Undersøkinga baserer seg dels på korleis eit innsynskrav blir handtert, dels på tilgjengelegheit av viktig informasjon på kommunane sine heimesider og dels på eit spørjeskjema til kommunane sjølve.

Tre Nordfjord-kommunar er blant dei som plasserer seg på 19. plass i landet, med totalt 20 poeng: Eid, Gloppen og Hornindal. Best i Norge er Ørland kommune med 26 poeng.

I Sogn og Fjordane er det Jølster kommune som gjer det aller best på openheitsindeksen. Med sine 22 poeng har dei berre seks kommunar føre seg på lista. På andreplass i fylket ligg Vik kommune med 21 poeng. Dårlegast i fylket er Leikanger på ein 388. plass med seks poeng, medan Kautokeino er verst i Norge med - 6 poeng.