Etter ei helg med UKM fylkesmønstring i Høyanger er det klart at desse går vidare til landsfestivalen i Trondheim 25. til 29. juni:

Sceneinnslag

·         Sara Rose Zadig (17 år) frå Gaular med låten «People help the people»

·         Jacob´s dream frå Luster med låten «Oblivescence». Eirik Andreas Albretsen (19 år), Gjest Kvåle (19 år), Gunn Marit Kvåle (17 år), Harald Ahlin Søvde (16 år), Jakob Årøy (16 år), Ole Kristian Flåten (19 år)

·         Sara Sandvik Arnestad (17 år) frå Eid med dans etter låten «In this Shirt»

·         Tetanuz frå Årdal med ein sjølvskriven låt.  Markus Hagen (15 år), Ola Akre (17 år), Tobias Hagen (17 år), Viktor Vee (17 år)

·         Sajen Shrestha (19 år) frå Fjaler med låta «Comfortably Numb»

Kunst

·         Biletserien «Bille I», og «Bille II», Amalie Rosalinda K. Ytre-Hauge (15 år) frå Bremanger

·         «Brølende kvinne», Sonja Holmøy-Wang (18 år) frå Hornindal

·         «Last minute», Anders Flore (19 år) frå Stryn

·         «Barn», Ingrid Bolstad (18 år) frå Førde

Festival for 300

UKM-festivalen samla 300 ungdommar frå heile fylket i Høyanger i helga.

Det har vore sceneframsyningar i Høyangerhallen, utstilling på Høyanger vidaregåande skule, nattbad i Høyangerbadet, workshops, konsert i Valhall og mykje leik og moro ut i dei små timane.

Høgt nivå– Det har vore ei stor glede for Sogn og Fjordane fylkeskommune og OnCue Music Productions AS å arrangere festivalen. Vi er stolte over å kunne vere med å vise fram breidda i ung kultur i Sogn og Fjordane. Nivået til deltakarane er høgt, og alle har grunn til å vere stolte av innsatsen sin. Responsen frå publikum, totalt 1000, stadfestar dette inntrykket, fortel Eva Kristin Svidal i fylkeskommunen.

UKM er eit arrangement som engasjerer. Rundt 700 har delteke på dei lokale mønstringane i kommunane.

MøteplassUKM er ikkje ein konkurranse, men ein møteplass for ung kultur. Sjølv om ein skal velje ut nokre av innslaga til å representere fylket på den nasjonale UKM-festivalen, er det viktig å presisere dette.

– Helst ville vi ha sendt vidare alle til den nasjonale festivalen, og fagpanelet har nok ein gong hatt ei tøff oppgåve, seier Svidal.

Fagpanelet var sett saman av Frøydis Aarseth, Oddleiv Apneseth, Janne Karin Støylen, Marcus Hansen Våge, Elise Hessevik, Jonas Øren og Synnøve Nordvik.