Eid blir meir elektrisk

Doblar talet på ladepunkt for el-bil

Eid kommune er tildelt 240.000 kroner frå den statlege Klimasats-ordninga for å bygge 12 ladepunkt for el-bilar ved Operahuset Nordfjord/Eid vidaregåande skule. Med det blir talet ladepunkt på Nordfjordeid dobla frå 12 til 24.

Eid doblar talet på ladepunkt for el-bil. Biletet er frå ladestasjonaen bak rådhuset. No kjem det 12 nye ladepunkt ved Operahuset/Eid vidaregåande skule.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Med den lynraske utviklinga i teknologi og sal av elektriske bilar, er det heilt nødvendig å legge til rette for å gjere det enkelt å bruke elbil også i distrikta. Eg er glad for at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Eid kommune no saman kan gjere eit løft for å gjere Eid elektrisk også på bilfronten, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) i ei pressemelding.


Eid vidaregåande skule/Operahuset Nordfjord er til dagleg tilhaldsstad for rundt 400 elevar og rundt 100 tilsette. Operahuset Nordfjord har i tillegg til dette over 20.000 besøkande årleg.

Felles initiativ

Søknaden er eit felles initiativ frå Eid kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, med Eid kommune som ansvarleg søkar. Målet er å legge til rette for at både kommune og fylke kan byte ut fossile tenestebilar med miljøvenlege bilar, men ladepunkta vil vere opne for alle.

12 frå før

Eid kommune har frå før 12 ladepunkt på 4 ulike stader i Nordfjordeid sentrum - alle er ope tilgjengelege og gratis å nytte. Det er også to hurtigladepunkt i kommunen.

–Det er viktig at eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane heng med i svingane i den raske overgangen som no skjer frå fossile bilar til nullutslepp. I tillegg til å legge til rette for elbilar, må vi også vere i forkant når det gjeld å utvikle hydrogenbilar som eit framtidsretta alternativ i distrikta. Det er kjempebra at Sogn og Fjordane fylkeskommune også får klimasatsmidlar til å halde fram satsinga på hydrogen som no er sett i gong, seier Alfred Bjørlo.