– Utviklinga har vore fantastisk. Vi har vakse i takt med den «nye handelsstaden» Nordfjordeid, seier butikksjef Linda Espelund på Extra Nordfjordeid.

Formidabel utvikling

Utviklinga har vore formidabel utvikling sidan dei opna Extra på Nordfjordeid 15. september i 2016.

– I 2017, vårt første heile driftsår, har vi hatt ein omsetnad på over 85 millionar kroner. Auken er på 21 prosent  over siste driftsår som Mega, og det er 10 mill. kroner over budsjettet for det første driftsåret som Extra. For oss som jobbar her, har det vore fantastisk å vere med på. Vi har vorte tekne så utruleg godt i mot. Og omsetninga viser at det var bruk for oss, seier Linda, som med desse tala styrer ein av dei største butikkane i Coop Vest. Dei har 18 tilsette.

– Handel avlar handel

Ho ser også utviklinga i samanheng med det som har skjedd på Nordfjordeid elles dei siste par åra.

– Det er ei formidabel endring. Frå å vere ein litt stille, smått sovande handelsstad, har det utvikla seg til ei nesten kokande gryte der det stadig skjer nye ting. Vi har hatt utbygginga av Amfi, og no sist kom Biltema. Det heiter at handel avlar handel, og det er vel det vi har sett på Nordfjordeid den siste tida. Det er utruleg kjekt å vere med på, seier Linda Espelund, som fortel at kundane kjem både frå kysten og frå dei andre nabokommunane.