No i påska opplevde den nye kjøpmannen rekordomsetning på Rema-butikken sin. Det er avisa Møre-Nytt som skriv dette.

– Det er kjempekjekt og dette er noko som vi jobba hardt for. Sjølvsagt ønskjer vi oppnå det beste for kundane, og at vi har rekordomsetning er eit teikn på at kundane får det dei treng med oss, seier Sefland Bjørlo til lokalavisa i Ørsta.

For i påska har ho opplevd at kundane strøyma til butikken. Dermed var det klart for omsetningsrekord.

– Å få oppleve ein omsetningsrekord etter at butikken har vore i Ørsta i så mange år er utruleg kjekt. I tillegg er det veldig motiverande for vidare arbeid, fortel ho til avisa. Ho skryt også av å ha hatt ein god mentor på Nordfjordeid i kjøpmann Einar Hildenes.

– Han har lært oss godt opp, seier ho til Møre-Nytt.