Fredag hadde vi sak i avisa om foreldre som fryktar stort elevtal, med 30 elevar i tre åttandeklasser frå hausten av. Rektor Norunn Kjøsnes påpeikte at skulen ikkje har pengar til å dele opp i fleire klasser.

– No til våren når vi skal sjå på budsjettendringar kan det vere moglegheit for å gjere ei vurdering om ungdomsskulen treng meir pengar. Skule driv vi veldig billig i Eid, men den er god. Vi hadde nokre år med store klasser, før vi no har hatt mindre klasser, og der ressursar er flytta til barneskular og der det har vore meir trykk. Det må vurderast om ungdomsskulen treng meir pengar no. Men vi veit ikkje om vi har rom for auke, seier Bjørlo, som ikkje kan love meir pengar til skulen.