Planlegg grunnboringar ved Skipenes bru

OPPSTART: Det er sett av midlar til ny bru på Skipenes, og arbeidet med undersøkingar og planlegging har starta opp.  Foto: Arkivfoto frå synfaring tidlegare i vinter

Nyhende

I samband med førebuing av arbeidet med ny bru på Skipenes i Eid skal Statens vegvesen utføre grunnundersøkingar med grunnboringsrigg langs og i E39. Det blir boringar både i og utanfor veg.

Vegvesenet har søkt kommunen om gravløyve. Dei reknar med å starte opp arbeidet med grunnboringar i april/mai.