Det sa Jakob Sætre, frå Kjølsdalen Montessoriskule, etter at han mottok 2. pris i klassen for beste produkt/teneste, då Ungt Entreprenørskapsforum 2018 vart arrangert i Førdehuset torsdag i førre veke.

Ungt Entreprenørskapsforum er ei samling for elev- og ungdomsbedrifter frå ungdomsskular og vidaregåande skular, som presenterer innhald, visjonar og resultat ein har gjort seg i arbeidet gjennom elevbedrifta det siste skuleåret.

«Bon Apétit»

Til saman var det samla rundt 40 bedrifter, der om lag 30 av desse kom frå ungdomsskulane.

Kjølsdalen Montessoriskule var representert med elevbedrifta «Bon Apétit», driven av Jakob Sætre på 10. trinn. Bedrifta har sitt utspring frå «Kjølsdalen Elevbedrift» som han dreiv førre skuleår. Bon Apétit har hatt fokus på tilverking av mat frå botnen av, serveringserfaring og korleis drive restaurantbedrift. Gjennom året har bedrifta vore hyra inn til serveringsjobbar der han har anretta mat for gjester og servert desse. Elles har han vore ei veke i Bergen på restauranten «Villa Blanca» - i tilknyting til hotellet Magic Bergen.

Utvikling

Den seinare tid har han utvikla konseptet til ein app som har fått namnet «Order Service», som er tenkt å gjere kommunikasjonen mellom kunde, servitør og kjøken/kokk enklare og meir sikker og effektiv. Det var denne ideen han presenterte på sin stand i Førdehuset 15. mars, og dette gav han 2. pris i klassen for beste produkt/teneste. I juryen sin grunngjeving vart det mellom anna lagt vekt på at dette er ein idé som er erfaringsbasert gjennom arbeid elevbedrifta har utført, og at bodskapen var selt særs godt inn gjennom god kommunikasjon på standen.

Lært mykje

Sjølv seier Jakob at han har lært meir om sal og marknadsføring gjennom deltakinga i ungt entreprenørskap. Han har lært av å sjå kva andre elevbedrifter driv på med, og kva dei har fått til.

– Eg har skjønt at dette konseptet er noko ikkje berre eg ser behovet for, men at også andre ser etter slike løysingar, seier han.

Pris: Jakob Sætre fekk 2. prisen i klassen for beste produkt/teneste. Foto: Kjølsdalen Montessoriskule