I samband med ein kontroll på Folven i Stryn i går vart ein lastebilsjåfør meld for ikkje å ha gjennomført tilstrekkjeleg døgnkvil . Han hadde ein døgnkvil på 6 timar og 34 minutt.  Denne skulle vere på minimum 11 timar

Det vart også registrert at tre passasjerar i ein buss ikkje hadde på seg bilbelte. Dei måtte betale 1500 kroner kvar for dette.

Dette var ein tungtransportkontroll og ni køyretøy vart kontrollerte.